5906_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/skattred/aar
5906
Mindre skatt for skipsaksjeselskapa
statistikk
2003-12-16T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
skattred, Skattestatistikk, rederierSkatt for næringsvirksomhet, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Skattestatistikk, rederier2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre skatt for skipsaksjeselskapa

Sum utlikna skatt for skipsaksjeselskap utgjorde 312 millionar kroner i 2002, ein nedgang på 52 millionar kroner frå året før. Nedgangen kjem i hovudsak av ein reduksjon i tonnasjeskatten.

Statistikken omfattar reiarlag likna etter dei særskilde reglane for skipsaksjeselskap. Tonnasjeskatten utgjorde 89 millionar kroner i 2002, eller 47 millionar mindre enn året før. Nesten heile reduksjonen i utlikna tonnasjeskatt kjem av ein reduksjon på 30 prosent i satsane for utrekning av tonnasjeskatt.

Skattepliktige inntekter

Samla skattepliktige inntekter sokk med 44 millionar kroner til 829 millionar. Skipsaksjeselskap som er med i ordninga, vert skattlagde for positiv netto finansinntekter, utbytteinntekter og andre skattepliktige inntekter. I 2002 vart det gjort endringar i berekning av positiv netto finansinntekt som gav ein lette i skattlegginga innanfor ordninga. Frå og med 2002 kan det berre reknast tillegg i inntekta for den delen av eigenkapitalen i selskapet som eventuelt overstig 50 prosent av totalkapitalen. Tidlegare kunne selskapet få utrekna tillegg i inntekta sjølv om gjeldsgraden var meir enn 50 prosent.

Skattar og frådrag i skatt

Fellesskatt for skipsaksjeselskapa utgjorde 232 millionar kroner. Det var ein nedgang på 12 millionar samanlikna med 2001. Sum utlikna skatt før frådrag i skatt utgjorde 321 millionar kroner, eller 60 millionar mindre enn året før. Frådrag i skatt utgjorde 9 millionar kroner, ein nedgang på 7 millionar i forhold til 2001. Størstedelen av beløpet gjeld godtgjerslefrådrag.

Talet på selskap

704 selskap kom inn under den frivillige ordninga i 2002. Ordninga omfatta 475 skipsaksjeselskap og 229 deltakarlikna selskap. Statistikken syner berre inntekt og utlikna skatt for skipsaksjeselskap då skattlegginga av deltakarlikna selskap skjer på deltakaren si hand. 25 nye skipsaksjeselskap kom inn under ordninga i 2002, medan 87 har vore med alle åra frå ordninga vart oppretta i 1996. 10 skipsaksjeselskap gjekk ut av ordninga i 2002 etter å ha vore med frå byrjinga.

Tabeller: