5908_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/skattred/aar
5908
Sterk reduksjon i godtgjerslefrådraget
statistikk
2002-12-17T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
skattred, Skattestatistikk, rederierSkatt for næringsvirksomhet, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Skattestatistikk, rederier2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sterk reduksjon i godtgjerslefrådraget

Samla godtgjerslefrådrag for selskapa som vart likna etter dei særskilde reglane for reiarlag var på 16,2 millionar kroner i 2001. Dette var heile 57,9 millionar kroner mindre enn året før, og førte til ein auke i utlikna skatt etter ordninga.

Sum utlikna skatt etter godtgjerslefrådraget utgjorde 364,3 millionar kroner i 2001, ein auke på 62,3 millionar frå året før. Nesten heile skatteauken kjem med andre ord av reduksjon i godtgjerslefrådraget.

Skattepliktige inntekter

Samla skattepliktige inntekter auka med 25,5 millionar kroner til 873,2 millionar frå 2000 til 2001. Aksjeselskap som er med i ordninga, vert skattlagde for positive nettofinansinntekter, utbytteinntekter og andre skattepliktige inntekter. Positive nettofinansinntekter utgjorde 600 millionar kroner, der 318,2 millionar var tillegg for høg eigenkapital. Dei positive nettofinansinntektene var 109,4 millionar kroner lågare enn året før, medan tillegg for høg eigenkapital auka med 146,2 millionar. Utbytteinntektene utgjorde 216,1 millionar kroner, ein auke på 78,3 millionar. Andre skattepliktige inntekter var på 57,1 millionar kroner.

Sum utlikna skatt før frådrag utgjorde dermed 380,5 millionar kroner, eller 4,4 millionar meir enn i 2000. Av dette utgjorde sum tonnasjeskatt etter reduksjon for miljøstandard 136 millionar kroner, ein nedgang på 2,7 millionar frå året før.

Kvalifiserande eigedelar

For å kvalifisere for ordninga må aksjeselskapet ha minst ein kvalifiserande eigedel. Dette kan vere skip, innretningar som kan flyttast, del i deltakarlikna selskap, del i NOKUS-selskap eller del i andre aksjeselskap innanfor ordninga. I 2001 var 1 897 kvalifiserande eigedelar med i ordninga. Vel 1 100 av desse er skip eller innretningar som kan flyttast.

Stadig færre selskap inn under den frivillige ordninga

Talet på selskap som kom inn under den frivillige ordninga gjekk ned også i 2001 - til 733 - frå 750 året før. Av desse var det 505 aksjeselskap og 228 deltakarlikna selskap. Statistikken syner berre inntekt og utlikna skatt for aksjeselskap, då skattlegginga av deltakarlikna selskap skjer på deltakar si hand. Deltakarane må anten være norske aksjeselskap innanfor ordninga eller utanlandsk verksemd utan skatteplikt til Noreg. Det var 53 nye aksjeselskap som kom inn under ordninga i 2001, medan 97 aksjeselskap har vore med alle åra frå ordninga vart oppretta i 1996. Tolv aksjeselskap gjekk ut av ordninga i 2001 etter å ha vore med frå byrjinga.

Tabeller: