5910_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/skattred/aar
5910
Meir skatt frå reiarlaga
statistikk
2001-12-19T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
skattred, Skattestatistikk, rederierSkatt for næringsvirksomhet, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Skattestatistikk, rederier2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir skatt frå reiarlaga

Sum utlikna skatt etter dei særskilde reglane for reiarlag utgjorde 302 millionar kroner i 2000, ein auke på 96 millionar frå året før. Talet på selskap som kom inn under den frivillige ordninga, vart redusert frå 816 i 1999 til 750 i 2000.

Skattepliktige inntekter auka med 322 millionar kroner til 848 millionar. Aksjeselskap som er med i ordninga, blir skattlagt for positiv netto finansinntekt, utbytteinntekt og anna skattepliktig inntekt. Positiv finansinntekt utgjorde 709 millionar kroner der 172 millionar var tillegg for høg eigenkapital. Auken i finansinntekter var på 272 millionar frå året før. Av dette var 44 millionar tillegg for høg eigenkapital. Utbytteinntekta utgjorde 138 millionar, ein auke på 50 millionar kroner. Driftsoverskotet i selskapa derimot blir ikkje skattlagt før eigarane eventuelt tek ut inntekt som ikkje er skattlagt eller reiarlaga trer ut av ordninga.

Auke i tonnasjeskatt

Tonnasjeskatt blir rekna ut på grunnlag av nettotonnasje og om fartøyet har vore i drift. Satsane for tonnasjeskatt blir kvart år fastsett i Stortingets skattevedtak og vart fordobla frå 1999 til 2000. Meir om satsane for tonnasjeskatt sjå Om statistikken . Sum tonnasjeskatt etter reduksjon for nye reglar om miljøstandard utgjorde 139 millionar kroner, ein auke på 61 millionar kroner frå 1999.

Færre selskap likna etter dei særskilde reglane

Auken i skatt har skjedd trass i at talet på reiarlag som kom inn under den frivillige ordninga, vart redusert frå året før. Av dei 750 selskapa som kom inn under ordninga, var det 526 aksjeselskap og 224 deltakarlikna selskap. Tala syner berre inntekt og utlikna skatt for aksjeselskap då skattlegginga skjer på deltakar si hand. Det var 41 nye aksjeselskap som kom inn under ordninga i 2000, medan 109 aksjeselskap har vore med alle åra frå ordninga vart oppretta i 1996.

Tabeller: