5912_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/skattred/aar
5912
Færre nyttar særreglar
statistikk
2000-12-18T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
skattred, Skattestatistikk, rederierSkatt for næringsvirksomhet, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Skattestatistikk, rederier1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre nyttar særreglar

816 selskap vart likna etter den frivillige særordninga for reiarlag i 1999. Dette er 82 færre enn året før og 121 færre enn i 1997.

Av dei 816 selskapa som var med i 1999 var det 576 aksjeselskap og 240 deltakarlikna selskap.

Aksjeselskap innanfor ordninga

I alt har om lag 840 aksjeselskap vore innom særordninga sidan ordninga starta i 1996. Rundt 120 av desse har vore med alle fire åra. Av dei 633 aksjeselskapa som var med i 1998 er over 500 enno med.

Sjølv om talet på selskap innanfor ordninga fall, auka netto finansinntekt med over 50 millionar kroner frå 386 millionar i 1998 til 437 millionar i 1999. Skattepliktig utbytteinntekt vart derimot redusert med 35 millionar kroner i same periode. Til saman utgjorde sum skattepliktig inntekt 526 millionar kroner i 1999, ein auke på 14 millionar frå året før. Tonnasjeskatt utgjorde 78 millionar kroner i 1999 og frådrag for godtgjersle utgjorde 18 millionar. Samla utlikna skatt vart då 206 millionar kroner, ein reduksjon på 5 millionar frå året før.

Kvalifiserande eigendelar

For å kvalifisere for ordninga må aksjeselskapet ha minst ein kvalifiserande eigendel. Dette kan vere skip, innretningar som kan flyttast, del i deltakarlikna selskap, del i NOKUS eller del i andre aksjeselskap innanfor ordninga.

I 1999 var det om lag 1 200 skip og fartøy innanfor ordninga. Dette er nær 20 færre skip enn for året før. Talet på skip og fartøy i 1997 var om lag 1 000. 230 aksjeselskaper åtte ikkje skip direkte, men åtte berre delar i andre selskap. Til saman åtte alle aksjeselskapa 821 delar i andre selskap.

Om ordninga

Det vert stilt ei rekkje krav i §51A i skattelova som må vere oppfylte for å kome inn under ordninga. Selskap som kjem inn under ordninga kan anten vere aksjeselskap eller deltakarlikna selskap. For at eit deltakarlikna selskap skal kome inn under ordninga, må alle deltakarane vere norske aksjeselskap innanfor ordninga, eller utlendingar utan skatteplikt til Noreg. Dette medfører at alle deltakarar som er skattepliktige til Noreg inngår i tala for aksjeselskapa innanfor ordninga.

Tabeller: