5144_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/aksjer/aar-forelopige
5144
Sterk auke i aksjeutbytte
statistikk
2001-05-30T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
aksjer, Aksjer og kapitalutdelinger, aksjeselskaper, allmennaksjeselskaper, aksjekapital, aksjeutbytte, overkurs, aksjer, aksjeeiere, aksjonærer, skjermingsfradragEierskap og roller, Verdipapirmarkeder, Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Aksjer og kapitalutdelinger1999, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Sterk auke i aksjeutbytte

Avsett aksjeutbytte i norske aksjeselskap for 1999 utgjorde til saman 68,6 milliardar kroner, ein auke på heile 13, 5 milliardar kroner eller 24,5 prosent samanlikna med året før.

Avsett aksjeutbytte for ikkje-børsnoterte aksjeselskap utgjorde 55 milliardar kroner i 1999, ein auke på 9,1 milliardar kroner eller 20 prosent. Dei børsnoterte selskapa avsette 13,6 milliardar kroner, ein auke på 4,4 milliardar kroner eller 48 prosent frå året før.

Ikkje-børsnoterte selskap: Sterk auke i varehandel, hotell og restaurant

For ikkje-børsnoterte selskap syner tala at avsett aksjeutbytte i olje- og gassutvinning utgjorde 7,4 milliardar kroner, ein auke på 46 prosent eller 2,3 milliardar kroner frå 1998. Dette var likevel 5 milliardar kroner mindre enn i 1997. I varehandel, hotell- og restaurantverksemd auka avsett utbytte med 33 prosent, eller 2,7 milliardar kroner. Tilsvarande auke i forretningsmessig tenesteyting og eigedomsdrift var på 18 prosent, eller 2,4 milliardar kroner. I samferdsel blei avsett utbytte redusert med 35 prosent, eller 1,6 milliardar kroner.

Samla likningsverdi for ikkje-børsnoterte selskap var på 684 milliardar kroner ved utgangen av 1999. Avsett aksjeutbytte utgjorde 8 prosent av samla likningsverdi.

Børsnoterte selskap: Sterk auke i industri og bergverk

For børsnoterte selskap var auken i avsett aksjeutbytte størst i industri og bergverksdrift med 2,4 milliardar kroner og i finanstenester med 1,6 milliardar kroner. Avsett utbytte i desse næringane utgjorde om lag to tredeler av samla avsett utbytte for dei børsnoterte selskapa.

Samla marknadsverdi for børsnoterte selskap var på 512 milliardar kroner ved utgangen av 1999, ein auke på 45 prosent frå året før. Avsett utbytte utgjorde 3 prosent av samla marknadsverdi.

Verdiar og endringar i reglar

Dei ikkje-børsnoterte aksjane er oppførte med likningsverdi. Frå og med 1997 utgjorde likningsverdien 65 prosent av aksjeselskapet sin samla skattemessige formuesverdi. Tidlegare år var satsen 30 prosent. Marknadsverdien på børsnoterte aksjar svarar til aksjekursen ved utgangen av året. Avsett aksjeutbytte syner avsett aksjeutbytte i rekneskapen, og som kjem til utbetaling året etter. Avsetjinga kan bli endra av generalforsamlinga, og slike endringar kjem ikkje med i statistikken.

Ny aksjelov og rekneskapslov av 1999 kan ha hatt innverknad på grunnlaget for avsetjing og utdeling av utbytte.

Korrigerte tal

Statistisk sentralbyrå sine tidlegare tal for ikkje-børsnoterte selskap omfatta ikkje tal for selskap skattlagde etter dei særskilde reglane for kraftføretak. Desse tala er no tekne inn i statistikken frå og med 1997, då reglane blei innførde.

Tabeller: