5146_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/aksjer/aar-forelopige
5146
Lågare aksjeutbytte
statistikk
2000-06-05T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
aksjer, Aksjer og kapitalutdelinger, aksjeselskaper, allmennaksjeselskaper, aksjekapital, aksjeutbytte, overkurs, aksjer, aksjeeiere, aksjonærer, skjermingsfradragEierskap og roller, Verdipapirmarkeder, Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Aksjer og kapitalutdelinger1998, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågare aksjeutbytte

Etter fleire år med auke i avsett aksjeutbytte i norske aksjeselskap, syner tal for 1998 ein reduksjon på 2,6 milliardar kroner frå året før. Avsetjinga vart mest redusert i børsnoterte selskap, med 1,5 milliardar kroner eller 14 prosent.

Samla avsett aksjeutbytte for børsnoterte aksjeselskap utgjorde 9,2 milliardar kroner i 1998. Tilsvarande tal for ikkje-børsnoterte selskap var 43 milliardar, eller 1,1 milliardar mindre enn året før.

 Avsett aksjeutbytte 1994-1998. Mill.kr

Ikkje-børsnoterte selskap

På tross av til dels sterk auke i avsett aksjeutbytte i fleire næringar blant ikkje-børsnoterte selskap, vart samla avsett aksjeutbytte redusert. Dette kjem i hovudsak av at avsetjinga for selskap i olje- og gassutvinning blei redusert med heile 7,5 milliardar kroner frå 11,5 milliardar i 1997 til 4 milliardar i 1998. Selskapa i dei andre næringane stod for ein auke i avsett aksjeutbytte på 6,3 milliardar kroner. I forretningsmessig tenesteyting og eigedomsdrift auka avsett aksjeutbytte med 1,4 milliardar kroner til 13 milliardar, i varehandel, hotell- og restaurantverksemd med 1,8 milliardar til 8,2 milliardar mens selskap i industri og bergverksdrift avsette 5,3 milliardar kroner eller 0,7 milliardar meir enn året før. Selskapa i samferdsel avsette 4,4 milliardar kroner i aksjeutbytte, noko som er ein auke frå året før på 1,6 milliardar kroner.

Samla likningsverdi på aksjar i ikkje-børsnoterte selskap var på 561 milliardar kroner ved utgangen av 1998. Avsett aksjeutbytte utgjorde 8 prosent av samla likningsverdi.

Børsnoterte selskap

For børsnoterte selskap kjem reduksjonen i avsett aksjeutbytte i hovudsak av mindre avsetjing i industri og bergverksdrift. I desse selskapa vart det avsett 3 milliardar kroner eller 0,9 milliardar mindre enn i 1997. Vidare vart avsetjinga for selskap i olje- og gassutvinning redusert frå 0,6 milliardar til mindre enn 0,1 milliardar kroner. Selskapa i dei andre næringane hadde lita eller inga endring i samla avsett aksjeutbytte.

Samla marknadsverdi for børsnoterte selskap var på 353 milliardar kroner ved utgangen av 1998. Dette var ein reduksjon på heile 137,5 milliardar kroner samanlikna med same tidspunkt året før. Avsett aksjeutbytte utgjorde 3 prosent av samla marknadsverdi, mot 2 prosent i 1997.

Verdiar og endringar i reglar

Dei ikkje-børsnoterte aksjane er oppførte med likningsverdi. Frå og med 1997 utgjorde likningsverdien 65 prosent av aksjeselskapet sin samla skattemessige formuesverdi. Tidlegare år var satsen 30 prosent. Marknadsverdien på børsnoterte aksjar svarar til aksjekursen ved utgangen av året. Avsett aksjeutbytte syner avsett aksjeutbytte i rekneskapen, og kjem til utbetaling året etter. Avsetjinga kan bli endra av generalforsamlinga, og slike endringar kjem ikkje med i statistikken.

Tabeller: