Verdifall for norske eigedelar i utlandet

Publisert:

Etter fleire år der eigedelane som norske føretak disponerer i utlandet har auka, gjekk talet ned i 2015. Verdien på dei totale eigedelane var ved utgangen av 2015 om lag 1 650 milliardar kroner, om lag 3 prosent mindre enn i 2014.

Det var omløpsmiddel i utlandet som stod for nedgangen, med eit fall på 14 prosent frå 2014. Anleggsmiddel auka med 34 milliardar, om lag 3 prosent.

regnut-2016-10-11-01

Store forskjellar mellom verdsdelane

I Europa gjekk dei totale eigedelane til norske føretak ned med 9 prosent, som utgjer 115 milliardar kroner. Den største delen av eigedelane til norske føretak låg i Belgia, Nederland og Sverige.

I verdsdelane Asia, Oseania og Sør-, Nord- og Mellom-Amerika gjekk verdien på dei totale eigedalane opp, medan det òg var ein nedgang i verdiane i Afrika.

Gjeldsauken overfor utlandet flatar ut

Ved utgangen av 2015 var den totale gjelda mot utlandet på 1 537 milliardar kroner, som utgjer ein auke på 2 prosent i forhold til 2014. Den langsiktige gjelda auka med 10 prosent i perioden, medan den kortsiktige gjelda gjekk ned med 13 prosent.