Mest gjeld til Europa

Publisert:

Gjelda som norske ikkje-finansielle føretak hadde til utlandet, utgjorde 1 463 milliardar kroner i 2016. Nær to tredelar av gjelda var til føretak i andre europeiske land.

Dei europeiske landa som norske selskap hadde stifta mest gjeld i, var Belgia, Storbritannia og Nederland, viser rekneskapa for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering . I desse tre landa utgjorde gjelda til saman 429 milliardar kroner. Når det gjeld landa utanfor Europa, hadde dei norske føretaka mest gjeld til USA, dette til ein verdi av 317 milliardar kroner.

Om lag halvparten av den totale gjelda til utlandet er til føretak innanfor same konsern. Det er likevel ingen markant forskjell på kor i verda selskapa pådrar seg gjeld når vi samanliknar tal for gjeld innanfor same konsern og gjeld til utanforståande.

Utviklinga har snudd

Dei siste åra har gjelda til utlandet auka for kvart år, men i 2016 viser tala ein nedgang på 8 prosent frå året før. Ein del av forklaringa til dette er strukturelle endringar på tvers av landegrenser i fleire konsern.

Figur 1. Gjeld overfor utlandet

I alt Langsiktig gjeld Kortsiktig gjeld
2010 1143614 715375 428239
2011 1149033 745824 403209
2012 1255275 795003 460272
2013 1316237 925900 390337
2014 1506180 990299 515881
2015 1592579 1128733 463846
2016* 1463025 1059090 403935

Kontakt