3198_om_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/maaned
3198_om
statistikk
2019-06-27T08:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
false

Varekonsumindeksenmai 2019

Innhold

Om statistikken

Definisjoner

Navn og emne

Navn: Varekonsumindeksen
Emne: Varehandel og tjenesteyting

Neste publisering

Ansvarlig seksjon

Seksjon for nasjonalregnskap

Definisjoner av viktige begrep og variabler

Ikke relevant

Standard klassifikasjoner

Ved utarbeidinga av varekonsumindeksen ligg den internasjonale konsumklassifikasjonen COICOP (Classification of Individual Consumption by Purpose) til grunn.

Administrative opplysninger

Regionalt nivå

Vert berre laga på nasjonalt nivå.

Hyppighet og aktualitet

Månadleg

Vert normalt publisert den 27 - 28 i månad m + 1.

Internasjonal rapportering

Ikke relevant

Lagring og anvendelse av grunnlagsmaterialet

Ikke relevant

Bakgrunn

Formål og historie

Varekonsumindeksen har vorte publisert frå januar 1998. Indeksen måler utviklinga i hushalda sine kjøp av varer, både varige og ikkje-varige. Ein nyttar dei same definisjonane og metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen. Varekonsumindeksen kan difor tolkast som ein indikator for hushalda sine varekjøp.

Ein av grunnane til at varekonsumindeksen vart etablert, skyldast ei omlegging av detaljomsetjingsindeksen. Frå og med 1996 vart detaljomsetjingsindeksen publisert etter ny standard for næringsgruppering. Overgangen til den nye næringsstandarden førte til at detaljomsetjingsindeksen ikkje lenger inkluderte sal frå bensinstasjonar og sal av motorkjøretøy. Frå brukarhald kom det ynskje om å få ein varekonsumindikator som i tillegg til detaljomsetjingsindeksen kunne ta omsyn til omsetjing av bensin, bilar og motorsyklar. Hushalda sitt forbruk av elektrisk kraft og fyringsolje vart og inkludert i varekonsumindeksen.

Varekonsumindeksen, som vert utarbeida ved Seksjon for nasjonalrekneskap, er ein volumindeks. Den vert publisert både sesongjustert og ujustert i slutten av kvar månad saman med detaljomsetningsindeksen.

Brukere og bruksområder

Statistikken vert i stor grad nytta av offentlige aktørar (departementa, Noregs Bank m.m.) samt finans- og analysemiljøa.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Sammenheng med annen statistikk

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit meir omfattande innhald. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Lovhjemmel

Ikke relevant

EØS-referanse

Ikke relevant

Produksjon

Omfang

Varekonsumindeksen måler utviklinga i norske hushald sine kjøp av varer, både varige og ikkje-

varige. Indeksen dekkjer ikkje hushalda sine varekjøp i utlandet, som til dømes grensehandel.

Datakilder og utvalg

Den viktigaste kjelda for å utarbeide varekonsumindeksen er opplysningar om detaljomsetjingsindeksen etter næring. Kjøp av motorkøyretøy vert utvikla ved hjelp av Opplysningsrådet for vegtrafikk sine opplysningar om førstegongsregistrerte personbilar, medan petroleumsstatistikken vert nytta som kjelde for kjøp av bensin og fyringsoljer. Hushalda sitt konsum av elektrisitet nyttar fyrst SSB sine førebelse overslag på det månadlege straumforbruket i alminneleg forsyning, og vart seinare bytta ut med endelege tal frå den månadlege elektrisitetsstatistikken.

Datainnsamling, editering og beregninger

Varekonsumindeksen nyttar berre offisielle statistikkjelder og har ingen eigen datainnsamling.

Ein legg til grunn dei same metodane og definisjonane når ein lagar varekonsumindeksen som når ein bereknar hushalda sitt varekonsum i det kvartalsvise nasjonalregnskapet (KNR).

Den generelle formelen for å berekne konsumet av ei varegruppe i laupande prisar er:

vki_om-28

1)

der

VC i m er konsumet av varegruppe i, månad m i laupande priser

VC i basisår er konsum av varegruppe i i basisåret

I i m er "detaljomsetningsindeks" vekta saman for varegruppe i, månad m

Formel 1 definerar konsumet i laupande prisar og vert nytta for alle konsumgrupper der detaljomsetningsindeksen er kjelde. Indeksen for gruppe i vil normalt være ei samanvekting av ulike detaljerte næringsindeksar som ein får frå detaljomsetningsindeksen. Samanvektinga er basert på informasjon frå avanseundersøkinga og tek utgangspunkt i kor mykje av den enkelte varegruppa som er kjøpt i ulike næringar (butikktypar). Konsumet i faste prisar finn ein ved å deflatere med konsumprisindeksen for tilsvarande konsumgruppe:

vki_om-29

2)

der

C i m er konsumet av varegruppe i, månad m i faste priser

KPI i m er konsumprisindeksen for konsumgruppe i, månad m

Volumindikatorar som inngår i berekningane, vert bruk på same måten som detaljomsetningsindeksen. Formelen kan skrivast:

vki_om-30

3)

der

C i m er konsumet av varegruppe i, månad m i faste priser

X i m er volumindikatoren (f.eks. tall på biler) for konsumgruppe i, månad m

Totalt varekonsum i faste priser er definert som summen av fastpristala for alle dei ulike konsumgruppene:

vki_om-31

4)

Resultata frå formel 4 vert deretter brukt for å lage indeksserien.

Månadleg konsum av ei konsumgruppe målt i laupande eller faste priser vert altså utrekna ved å ta utgangspunkt i nivået på ulike konsumgrupper i basisåret og utvikle desse med relevante indikatorar. Det betyr at det er samansetninga av varekonsumet i basisåret som dannar utgangspunkt tala i dei ulike månadane. Sidan berekningsopplegget for varekonsumindikatoren er så nær knytt til kvartalsregnskapet, har vi valt å bruke same basisår for kvartalsregnskapet og varekonsumindikatoren. Basisåret vert oppdatert kvart år.

Ingen avstemming mot årstal i nasjonalregnskapet

Fastpristala som dannar utgangpunktet for varekonsumindeksen vert ikkje avstemt mot nasjonalregnskapet sitt nivåtal på årsbasis. Det betyr at summen av fastpristala for 12 månader ikkje tilsvarar nasjonalrekneskapen sitt nivå på årsbasis for ei gitt varegruppe. Grunnen til at vi har valt dette, er at det er sesongmønsteret i indeksen vi er mest interessert i. Dersom ei serie må avstemmast over årsskifta, kan vi miste noko av det opphavlege sesongmønsteret som ein har i indikatoren. Varekonsumindikatoren vil på bakgrunn av dette ikkje verte publisert som nivåtal (i faste priser), men berre verte publisert som ein indeksserie.

Sesongjustering

Varekonsumindeksen vert sesongjustert etter dei same metodane som nyttast i det kvartalsvise nasjonalregnskapet. Den er justert både for kalender- og normale sesongeffektar. Kalendereffektane omfattar korrigeringar både for handledagar og for påske. Sjå fane "om sesongjustering". For ein utdypande dokumentasjon, sjå Sesongjustering av varekonsumindeksen.

Konfidensialitet

Ikke relevant

Sammenlignbarhet over tid og sted

Indeksen har vore publisert sidan januar 1998.

Nøyaktighet og pålitelighet

Feilkilder og usikkerhet

Ikke relevant

Revisjon

Månadlege tal for varekonsumet vert endra når ny informasjon førelegger. Normalt er det berre elektrisitetskonsumet som har ny informasjon som gjer at føregåande månad endras. Ein gang i året, ved publisering av tal for september månad, endras basisåret for berekningane. Dette fører også til revisjon av tidlegare publiserte tal.

Sjølv når 12-måneders vekstratar ikkje endras bakover i tid, kan likevel de sesongjusterte talene bli endrast som følgje av at vi har fått tal for ein ny månad.

 

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB