2941_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/engrosvolum/kvartal
2941
Volumindeksen auka med 5,1 prosent
statistikk
2001-10-16T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting
no
engrosvolum, Volumindeks for engroshandel, engroshandel (med for eksempel dagligvarer, klær, byggevarer)Varehandel, Varehandel og tjenesteyting
false

Volumindeks for engroshandel4. kvartal 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Volumindeksen auka med 5,1 prosent

Volumindeksen for engroshandel auka med 5,1 prosent i 4. kvartal 2000 samanlikna med 4. kvartal 1999. Engroshandel med drivstoff og brensle auka mest.

Med ein auke på 31,5 prosent frå 4. kvartal 1999 til 4. kvartal 2000 auka volumindeksen for engroshandel med drivstoff og brensle mest. For same periode var det berre volumindeksane for engroshandel med nærings- og nytingsmiddel og engroshandel med klede og skotøy som gjekk ned, høvesvis med 3,7 og 1,5 prosent.

Volumindeksen for engroshandel auka med 3,5 prosent i 2000 samanlikna med 1999. Av hovudnæringsgruppene hadde volumindeksen for engroshandel med innsatsvarer med unntak av jordbruksvarer den største auken med 14 prosent, medan engroshandel med nærings- og nytingsmiddel hadde den svakaste utviklinga med ein nedgang på 2,4 prosent i same periode.

Tabeller: