22757_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/iktuh/aar
22757
Stort importoverskot av IKT-varer
statistikk
2001-06-05T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi;Teknologi og innovasjon
no
iktuh, Utenrikshandel med IKT-varer (opphørt), eksport, import, handelsbalanse, audio- og videoutstyr, datamaskiner, elektroniske komponenter, telekommunikasjonsutstyrInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Utenrikshandel, Utenriksøkonomi, Teknologi og innovasjon
false

Utenrikshandel med IKT-varer (opphørt)2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Stort importoverskot av IKT-varer

Utanrikshandelen med IKT-varer synte i 2000 eit importoverskot på vel 20 milliardar kroner. Norsk eksport av IKT-varer utgjorde om lag 40 prosent av importen. I dei andre nordiske landa var eksportdelen høgare.

 Utanrikshandel med IKT-varer. 1996-2000. Milliardar kroner

 Eksport av IKT-varer og total vareeksport. 1996-2000. Indeks

Det er stor norsk nettoimport av IKT-varer. I 2000 var importen om lag to og ein halv gong så stor som verdien til eksporten. Eksporten av IKT-varer auka i løpande prisar frå 9 058 millionar kroner i 1996 til 13 935 millionar i 2000, medan importen voks frå 22 315 millionar kroner i 1996 til 34 271 millionar i 2000. I 2000 gav det ein negativ balanse på 20 337 millionar kroner. Frå 1996 til 2000 minka det relative handelsunderskotet med slike varer lite. Tilhøvet mellom eksport og import av IKT-varer i norsk utanrikshandel var 0,407 i 2000 mot 0,406 i 1996.

IKT-varene hadde i siste halvdel av 1990-åra sterkare eksport- og importvekst enn gjennomsnittet. Frå 1996 til 2000 voks den norske eksporten av IKT-varer med 53,8 prosent i løpande prisar, medan importen i same periode auka med 53,6 prosent. Frå 1996 til 2000 voks den totale norske eksporten, eksklusiv olje og naturgass, med 36,5 prosent samstundes som importen steig med 26,8 prosent. Såleis vart delen til IKT-varer av den totale utanrikshandelen noko større. Frå 1996 til 2000 voks delen IKT-varer utgjorde av eksporten frå 5,8 til 6,6 prosent. I same perioden auka delen IKT-varer i høve til importen frå 10,1 til 12,2 prosent.

 Import av IKT-varer og total vareimport. 1996-2000. Indeks

 Eksport av IKT-varer fordelt på undergrupper. 1996-2000. Prosent

I 2000 var telekommunikasjonsutstyr, datamaskiner og måle- og kontrollutstyr dei tre viktigaste eksportgruppene med høvesvis 5 276, 3 481 og 2 633 millionar kroner. Telekommunikasjonsutstyr utgjorde om lag 38 prosent av verdien til eksporten av IKT-varer. I 2000 var den klårt største importgruppa datamaskiner med 13 746 millionar kroner eller om lag 40 prosent av verdien til importen av IKT-varer. Så følgde telekommunikasjonsutstyr med 9 252 millionar kroner. Frå 1996 til 2000 var fordelinga mellom varegruppene innanfor utanrikshandelen med IKT-varer relativt stabil.

Noreg dårlegast i Norden

 Import av IKT-varer fordelt på undergrupper. 1996-2000. Prosent

 Balansen mellom eksport og import av IKT-varer. 1996-2000

Innanfor utanrikshandelen med IKT-varer har Noreg, med unnatak av Island, den veikaste balansen i Norden. I 2000 vart det oppnådd overskot i både Finland og Sverige. Finland og Sverige hadde eit tilhøve mellom eksport og import på høvesvis 1,80 og 1,38. Båe landa eksporterte altså meir IKT-varer enn dei importerte. Det er uvanleg at tilhøvet mellom eksport og import av IKT-varer kjem opp i 1,00 eller høgare i europeiske statar, men land som Japan og Sør-Korea har tradisjonelt oppnådd ein slik balanse.

Annleis avgrensing

Denne artikkelen er basert på ei avgrensing utforma av dei statistiske sentralbyråa i Danmark, Finland, Island, Sverige og Noreg. Avgrensinga er noko annleis enn den inndelinga Statistisk sentralbyrå nytta for å skildra emnet i 2000. Definisjonen femner om varegruppene telekommunikasjonsutstyr, forbrukarelektronikk, datamaskiner, elektroniske komponentar, kontormaskiner og måle- og kontrollutstyr og er skildra nærare under Om statistikken.

Tabeller: