Nedgang i utanrikshandelen med tenester

Publisert:

Eksporten av tenester frå norske ikkje-finansielle føretak gjekk frå 1. kvartal 2016 til 1. kvartal 2017 ned 7,0 prosent og enda på 50,5 milliardar kroner. Tenesteimporten utgjorde 55,6 milliardar etter eit fall på 7,3 prosent. Det gav eit underskot på tenestebalansen på 5,1 milliardar kroner.

Andre viktige tenesteeksporttal

  • Næringa transport og lagring er framleis størst med nær helvta av den totale tenesteeksporten, tilsvarande 24,5 milliardar kroner. Dette er ein nedgang på 7,8 prosent frå 1. kvartal i fjor.
  • Eksporten av sjøtransporttenester enda på 19,1 milliardar kroner, som er ein nedgang på 5,3 prosent i jamført med 1. kvartal 2016.
  • EU-land utanom Norden er framleis viktigaste eksportland for tenester frå ikkje-finansielle føretak. I 1. kvartal 2017 vart tenester for 16,4 milliardar kroner eksporterte til desse landa, dette tilsvarar om lag ein tredel av total eksport.

Import av tenester – dei viktigaste tala

  • Næringa transport og lagring er òg størst når det gjeld import av tenester med om lag 30 prosent av alle innkjøpte tenester, tilsvarande 16,2 milliardar kroner i 1. kvartal.
  • Norske ikkje-finansielle føretak importerte mest av forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester i 1. kvartal 2017. Importverdien var på 11,5 milliardar kroner, og tenestegruppa stod dermed for 20,7 prosent av total tenesteimport, etter tenestetype.
  • Føretak i EU-land utanom Norden står bak 44 prosent av den totale tenesteimporten, tilsvarande 24,6 milliardar kroner.

Figur 1

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Figur 2. Eksport av tenester

1. kv. 2014 2. kv. 2014 3. kv. 2014 4. kv. 2014 1. kv. 2015 2. kv. 2015 3. kv. 2015 4. kv. 2015 1. kv. 2016 2. kv. 2016 3. kv. 2016 4. kv. 2016 1. kv. 2017
EU utanom Norden 30.5 32.3 34.2 30.8 30.9 34.4 34.1 33.5 32 33.4 33.3 35.6 32.5
Asia 17.2 20.5 17.8 19.2 18.5 17 17.7 17.7 17.2 15.4 17 12.6 17.1
Nord- og Mellom-Amerika 15.5 17.2 14.4 20.7 15.6 14.7 14.9 16.1 15.4 15.2 16.1 14.2 13.4
Norden 15.3 12.9 15.6 12.6 14.3 14 14.6 15.7 15.5 17.8 16.4 19.2 16.8
Andre regionar 15 14.7 14.6 15.3 17.3 16.1 16.3 15.7 16.8 15.3 14.8 15.6 14.2

Figur 3. Import av tenester

1. kv. 2014 2. kv. 2014 3. kv. 2014 4. kv. 2014 1. kv. 2015 2. kv. 2015 3. kv. 2015 4. kv. 2015 1. kv. 2016 2. kv. 2016 3. kv. 2016 4. kv. 2016 1. kv. 2017
EU utanom Norden 41.5 46.6 43.8 45.4 41.7 41 44.9 42.2 41.4 40.5 42.3 41.4 44.3
Asia 10.7 12.7 11.3 12.8 12.4 12.7 11.4 12.7 11 12.4 12.1 13.5 11.4
Nord- og Mellom-Amerika 12.9 10.6 10.7 13.8 15.7 16.3 15 15.5 15.3 18 16.4 15.6 14.1
Norden 23.8 21.8 25.2 20.5 20.9 21 22 22.1 21.9 19.1 20.4 20.5 20.7
Andre regionar 6.5 5.3 5.8 4.9 6.2 6.1 5.1 7.5 8.5 7.6 7.8 7.6 7.3

Samanslegne tenestegrupperingar gjer samanlikning vanskelegare

Det er gjort ei endring i samanstillinga av tenestetypar. Tenestegrupperinga jarnbane- og landtransporttenester er slegen saman med lufttransporttenester til ei ny gruppering: luft- og landtransporttenester. Dette gjeld tabell 1 og 3, som gjev utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. I statistikkbanktabellen 10192 er endringane lagde inn atttende til 1. kvartal 2015. Dette gjer at tala ikkje er direkte jamførande med tidlegare utgjevingar.