15608_not-searchable
/utdanning/statistikker/utvgs/aar
15608
Framleis tradisjonelt kjønnsrollemønster
statistikk
2000-12-21T10:00:00.000Z
Utdanning
no
utvgs, Elever i videregående skoler, videregående opplæring, studieretninger, kurstrinn, eieforhold, innvandrere, norskfødte med innvandrerforeldre, offentlige skoler, private skolerVideregående utdanning, Utdanning
false

Elever i videregående skoler1. oktober 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis tradisjonelt kjønnsrollemønster

Det er framleis skilnader i kvinner og menn sitt val av studieretning i vidaregåande opplæring. Kvinnene dominerer helse-, sosial- og estetiske fag, medan det framleis er flest menn på tekniske og mekaniske studieretningar.

Førebels tal for skoleåret 2000/2001 viser at menn og kvinner framleis vel ulike studieretningar i vidaregåande opplæring. Dette gjeld særleg dei yrkesfaglege studieretningane, der kvinnene utgjer 46,7 prosent av elevane. I seg sjølv er ikkje dette ein stor skilnad. Ser ein derimot på dei einskilde studieretningane, vil ein finne at det framleis er ein stor dominans av kvinner i dei tradisjonelle "mjuke" faga. Likeins er det flest menn i dei "harde", mekaniske faga.

Kvinner vel omsorgsfag og estetikk, menn vel elektro og mekanikk

Dei allmennfaglege studieretningane har framleis størst del av det totale elevtalet med 57,5 prosent. Det er framleis flest kvinner, 54,4 prosent, på dei allmennfaglege studieretningane, men skilnaden har blitt mindre. Dette kjem av nedgang i talet på kvinner blant elevane, både det siste skoleåret og i det inneverande. Om ein ser på dei einskilde studieretningane, utgjer kvinnene heile 91,7 prosent på studieretning for helse- og sosialfag. Dette er eit tradisjonelt "mjukt" fag. Likeins er kvinnene i klart fleirtal på dei estetiske studieretningane. Kvinnene utgjer heile 82,8 prosent på formgjevingsfag. Det same gjeld studieretning for musikk, dans og drama, som ikkje er ei yrkesfagleg studieretning. Her utgjer kvinnene 73,2 prosent av elevane.

Kvinnene utgjer ein svært liten del av elevane på dei meir "harde" og tradisjonelt mannsdominerte yrkesfaglege studieretningane. Byggfag ligg lågast med berre 1,7 prosent kvinner, tett fylgd av elektrofag med 3,8 prosent kvinner og mekaniske fag med 4,4 prosent. Likeins har tekniske byggfag berre 11,9 prosent kvinner og trearbeidsfag har 21,7 prosent. Dette skil seg ikkje stort frå tala for skoleåret 1999/2000.

I det inneverande skoleåret har det kome til to nye studieretningar. Dette er studieretning for media- og kommunikasjonsfag og studieretning for sal- og servicefag. Desse faga har ei jamn kjønnsfordeling.

Framleis nedgang i elevtalet

Skoleåret 2000/2001 er det registrert om lag 164 000 elevar i dei vidaregåande skolane. Dette er ein nedgang på 5 000 elevar i forhold til året før. Den store skilnaden kan kome av underrapportering frå tre fylke, som er rekna å utgjere om lag 2 000 elevar. Det er også i skoleåret 2000/2001 nedgang i talet på elevar på dei yrkesfaglege studieretningane, som utgjer 42,5 prosent av det totale elevtalet. Elles er det ein særleg nedgang i talet på elevar i aldersgruppa 20 år og over. I skoleåret 1999/2000 utgjorde denne kategorien elevar 14,4 prosent av det totale elevtalet, medan den same kategorien elevar i det inneverande året utgjer 12,6 prosent. Altså har vi her hatt ein nedgang på 1,8 prosentpoeng eller om lag 3 700 elevar, og nedgangen vil såleis truleg vere reell på trass av underrapporteringa av delkurselevar frå tre av fylka. Det er ein særleg stor nedgang i talet på elevar som er i aldersgruppa 30 år og over, og berre i denne aldersgruppa er det om lag 2 000 færre elevar det inneverande skoleåret enn det føregåande.

Samstundes som det er ein nedgang i det totale elevtalet, er det fleire elevar som tar grunnkurs skoleåret 2000/2001 enn i 1999/2000. Det er derimot ein nedgang i talet på elevar som tar VKI og VKII. Befolkningstal per 1.1.2000 viser likevel ikkje nokon nedgang i folkemengda i aldersgruppa 15-19 år. Nedgang i befolkningstalet kan altså ikkje forklare nedgangen i elevtalet på landsbasis.

Statistikken blir utgjeven årleg.

Tabeller: