15622_not-searchable
/utdanning/statistikker/utlaerling/aar
15622
Stabilt lærlingtal
statistikk
2002-03-01T10:00:00.000Z
Utdanning
no
utlaerling, Lærlinger og avlagte fag- og svenneprøver, fagbrev, svennebrev, praksiskandidater, studieretninger (for eksempel byggfag, mekaniske fag, helse- og sosialfag), læreplasserVideregående utdanning, Utdanning
false

Lærlinger og avlagte fag- og svenneprøver1. oktober 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Stabilt lærlingtal

Førebelse tal viser at det per 1. oktober 2001 var om lag 29 700 lærlingar i vidaregåande opplæring. Dette er inga stor endring frå førre skoleåret.

Per 1. oktober 2001 var det registrert 29 680 lærlingar i vidaregåande opplæring. Dette er ein nedgang på 265 lærlingar frå året før. Dette er den lågaste nedgangen sidan 1998, då lærlingtalet var på sitt høgaste.

Lærlingar i alt og etter kjønn. Tal per 1. oktober 1995-2001

Finnmark hadde færrast lærlingar, med 488 personar. Deretter kjem Sogn og Fjordane med 851 lærlingar og Aust-Agder med 880 lærlingar. Flest lærlingar hadde Hordaland med 3 323, deretter følgjer Rogaland med 3 209. Til samanlikning har Oslo eit langt lågare tal med 1 595 lærlingar.

Delen kvinnelege lærlingar er stabil

Delen kvinnelege lærlingar var per 1. oktober 2001 på 30,8 prosent. Dette er ein nedgang på 0,6 prosentpoeng samanlikna med året før, då delen kvinner var på 31,4 prosent. Sogn og Fjordane har lågast del kvinnelege lærlingar med 26 prosent, tett følgd av Akershus med 26,2 prosent. Sør-Trøndelag har størst del kvinner med 35,8 prosent, deretter kjem Troms med 33,7 prosent.

Ujamn kjønnsfordeling på studieretningane

I studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag gjekk delen mannlege lærlingar opp til 51,2 prosent i 2001 frå 40,3 prosent året før. Dette er ein auke på 10,9 prosentpoeng. I dei mannsdominerte studieretningane som byggfag, tekniske byggfag, elektrofag og mekaniske fag har delen kvinner gått ned frå året før. Lågast del kvinner er det på studieretning for byggfag med 1,2 prosent.

Delen kvinnelege lærlingar har auka mest i studieretning for naturbruk, der delen per 1. oktober 2001 var 21,4 prosent, mot 16 prosent året før. Dette er ein auke på 5,4 prosentpoeng. Samstundes har lærlingtalet auka i studieretning for naturbruk. Samanlikna med endelege tal per 1. oktober 2000 har det også blitt fleire lærlingar innanfor allmenne, økonomiske og administrative fag, formgjevingsfag, byggfag og tekniske byggfag. Det har blitt færre lærlingar i fag som trearbeidsfag, kjemi- og prosessfag, mekaniske fag, elektrofag, hotell- og næringsmiddelfag.

Om lag 45 prosent av lærlingane er 20 år eller eldre

Per 1. oktober 2001 var 13 232 av lærlingane 20 år eller eldre. Dette utgjer 44,6 prosent av lærlingane totalt. Delen vaksne lærlingar 20 år eller eldre har ikkje endra seg særleg frå skoleåret 2000/01, då desse utgjorde 44 prosent av lærlingane.

Lærlingar i alt, etter alder per 1. oktober 2000 og 2001

Ein kan elles sjå at det har vore ein nedgang i lærlingtala i alderen 18 år, 22-24 år og 25 år eller eldre frå skoleåret 2000/01.

Nær halvparten av alle lærlingane er nye lærlingar

Det er registrert 14 416 nye lærlingar i vidaregåande opplæring skoleåret 2001/02. Dette utgjer 48,6 prosent av alle lærlingane på landsbasis. Troms har størst del nye lærlingar med 53,6 prosent. Deretter følgjer Nordland med 52,4 prosent, Aust-Agder med 50,8 prosent og Vest-Agder med 50,6 prosent. Lågast del nye lærlingar har Østfold med 45,3 prosent. Oslo ligg under landsgjennomsnittet med 47,7 prosent nye lærlingar.

På landsbasis utgjer kvinnene 31,3 prosent av dei nye lærlingane. Delen kvinner blant dei nye lærlingane er lågast i Akershus med 27,3 prosent, deretter følgjer Oslo med 28,1 prosent. Sør-Trøndelag har størst del kvinner blant dei nye lærlingane, med 35,6 prosent. Sør-Trøndelag har også som nemnd høgaste del kvinner av lærlingar i alt.

Finnmark har flest nye lærlingar 25 år eller eldre

Størst del vaksne nye lærlingar har Finnmark med 25,8 prosent. På landsbasis utgjorde dei nye lærlingane på 25 år eller eldre 10,8 prosent av alle nye lærlingar. Opplæringslova stadfestar at vaksne som er fødde før 1. januar 1978 og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring.

Også Troms har relativt høg del nye lærlingar i denne aldersgruppa, med 17,7 prosent. Deretter følgjer Nord-Trøndelag med 17,3 prosent. Lågast del har Oppland med berre 5,6 prosent nye lærlingar 25 år eller eldre. Delen i Rogaland er på 6,9 prosent og i på Hordaland 7,1 prosent. Oslo ligg over landsgjennomsnittet med 13,5 prosent lærlingar i denne aldersgruppa.

Flest som ikkje bestod fagprøva i studieretning for tekniske byggfag

Frå 1. oktober 2000 til 30. september 2001 var det 20 817 kandidatar som gjekk opp til fagprøve. Av desse var det 92,9 prosent som fekk bestått fagprøve. Høgast strykprosent var det i studieretning for tekniske byggfag, på 14,1 prosent. Deretter følgde studieretning for formgjevingsfag med 13,6 prosent. Lågast strykprosent hadde studieretning for kjemi- og prosessfag med 1,9 prosent.

Blant mannlege lærlingar var styrkprosenten høgast i studieretning for tekniske byggfag, med 14,3 prosent. Studieretninga har størst del mannlege lærlingar (94,1 prosent per 1. oktober 2000). Blant kvinnelege lærlingar var strykprosenten høgast i studieretning for formgjevingsfag med 14,1 prosent, og denne studieretninga har størst del kvinnelege lærlingar (90,2 prosent per 1. oktober 2000).

Størst del av praksiskandidatane bestod fag- og sveineprøvene

Av dei 20 817 kandidatane som gjekk opp til fag- og sveineprøve i tida 1. oktober 2000 til 30. september 2001, var 7 459, eller 35,8 prosent, såkalla praksiskandidatar. Dette er kandidatar som tek fag- eller sveineprøva på grunnlag av allsidig praksis i faget. Av praksiskandidatane var det 96 prosent som bestod fag- eller sveineprøva. Blant lærlingane var delen 92 prosent, medan det blant elevar i fagopplæring i skole var 70 prosent som bestod.

Statistikken blir utgjeven årleg.

Tabeller: