15624_not-searchable
/utdanning/statistikker/utlaerling/aar
15624
Ingen auke i delen kvinnelege lærlingar
statistikk
2001-03-05T10:00:00.000Z
Utdanning
no
utlaerling, Lærlinger og avlagte fag- og svenneprøver, fagbrev, svennebrev, praksiskandidater, studieretninger (for eksempel byggfag, mekaniske fag, helse- og sosialfag), læreplasserVideregående utdanning, Utdanning
false

Lærlinger og avlagte fag- og svenneprøver2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Ingen auke i delen kvinnelege lærlingar

Hausten 2000 var ein av tre nye lærlingar kvinner. Delen nye kvinnelege lærlingar er uendra frå hausten 1999.

Førebelse tal for skoleåret 2000/2001 viser at delen kvinner blant dei nye lærlingane er den same som for skoleåret 1999/2000 med 32,7 prosent. Det er framleis eit klart mindretal kvinner blant det totale talet på lærlingar med 31,5 prosent. Denne prosentdelen er nærast uendra frå skoleåret 1999/2000. Sidan skoleåret 1995/1996 har likevel delen kvinner auka frå 21,6 prosent.

Det er ingen auke i talet på kvinnelege lærlingar i dei tradisjonelt mannsdominerte studieretningane. Studieretning for byggfag har lågast del kvinner med 1,4 prosent. Studieretning for elektrofag har 4,1 prosent kvinner, studieretning for tekniske byggfag 5,8 prosent og studieretning for mekaniske fag 6,3 prosent. Dette skil seg ikkje stort frå tala for skoleåret 1999/2000. Kvinnene dominerer studieretning for helse- og sosialfag med heile 91,7 prosent, og studieretning for formgjevingsfag med 90,1 prosent.

Nedgang i talet på lærlingar

Talet på nye lærlingar er relativt stabilt. Hausten 2000 var det registrert 14 500 nye lærlingar samanlikna med 15 000 hausten før. Dette er ein nedgang på 3,3 prosent.

Hausten 2000 var det registrert totalt 30 000 lærlingar, ein nedgang på 4,3 prosent frå 1999. Fylkesvis er det Rogaland som har størst nedgang i talet på lærlingar med 7 prosent. Det var berre Møre og Romsdal som hadde like mange lærlingar hausten 2000 som året før.

Fagprøver

Det har vore ein stor nedgang i talet på kandidatar som går opp til fagprøve. I perioden 1. oktober 1999 til 30. september 2000 var det 23 700 som gjekk opp til fagprøva. Dette er ein nedgang på 25,5 prosent frå perioden 1. oktober 1998 til 30. september 1999.

Talet på kandidatar i alderen 19 og 20 år som har bestått ei fagprøve har auka. Blant 19-åringane har det vore ein auke på 10,4 prosent, og blant 20-åringane 8,7 prosent. Elles har det vore ein nedgang. Størst nedgang var det i talet på kandidatar 25 år og over, der det var ein nedgang på 39 prosent. I aldersgruppa 23-24 år var det ein nedgang på 32,3 prosent. Denne nedgangen kjem i all hovudsak av at overgangsordninga ved innføring av Reform-94 gav eit høve til å melde seg opp til fagprøve etter gammal ordning. Reform-94 førte såleis til ein auke i kandidattalet til fagprøven dei næraste åra før talet blei redusert igjen.

Statistikken blir utgjeven årleg.

Tabeller: