54738
/utdanning/statistikker/utfolk/aar
54738
Stabil interesse for kortkurs
statistikk
2011-03-17T10:00:00.000Z
Utdanning
no
utfolk, Folkehøgskolar (opphørt), deltakere, årselever, hovedemner (for eksempel språkfag, servicefag, samfunnsfag), utenlandske statsborgereVoksenopplæring , Utdanning
false

Folkehøgskolar (opphørt)2010

SSB publiserer tall for langkurs på folkehøgskoler i statistikken Videregående opplæring og annen videregående utdanning

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil interesse for kortkurs

I 2010 var det snautt 19 000 deltakarar på folkehøgskolane sine kortkurs. Talet på deltakarar har halde seg på eit ganske stabilt nivå dei siste ti åra, og har stort sett variert mellom 18 500 og 21 700 bortsett frå året 2008 da talet var heilt nede i 16 500.

Folkehøgskolane i Noreg tilbyr mange ulike kortkurs. Kursa trekkjer til seg deltakarar frå inn- og utland, og i 2010 var det i underkant av 19 000 deltakarar med på desse kursa. Om lag 1 150 av desse var frå andre land enn Noreg. Flest utanlandske deltakarar kjem frå Danmark mens Russland er på andre plass, deretter følgjer Sverige og Tyskland.

Tema på kortkursa spenn over mange emne; dei mest populære tema er estetiske fag og handverksfag, som samla over 7 600 deltakarar i 2010. Men både kursa i samfunnsfag og i helse-, sosial- og idrettsfag hadde over 3 000 deltakarar. Færrast deltakarar var det på fagområdet samferdsels- og kommunikasjonsfag, med berre 13 personar. Av desse 13 var 11 menn. Elles er deltakinga på dei fleste fagområda dominert av kvinner. Totalt utgjer kvinner 63 prosent av deltakarane. Høgast kvinnedel er det på språkfag, med 81 prosent, men også i estetiske fag er prosentdelen kvinner høg.

Det er i aldersgruppa frå 50 år og eldre at deltakinga på kortkurs er størst i 2010, og slik har det vore i mange år. 56 prosent av deltakarane var i denne aldersgruppa. For dei andre tiårsgrupperingane er fordelinga ganske jamn. Når vi ser på interessa for kortkurs i heile landet, er det skolane i Nordland, med 2 000 deltakarar, og Hordaland, med over 1 600, som har hatt størst deltaking i 2010. Folkehøgskolane i Østfold, Vest-Agder og Sogn og Fjordane hadde alle under 300 deltakarar.

Tabeller: