15680_not-searchable
/utdanning/statistikker/utfolk/aar
15680
Færre deltakarar på kortkurs
statistikk
2007-05-09T10:00:00.000Z
Utdanning
no
utfolk, Folkehøgskolar (opphørt), deltakere, årselever, hovedemner (for eksempel språkfag, servicefag, samfunnsfag), utenlandske statsborgereVoksenopplæring , Utdanning
false

Folkehøgskolar (opphørt)2006

SSB publiserer tall for langkurs på folkehøgskoler i statistikken Videregående opplæring og annen videregående utdanning

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre deltakarar på kortkurs

I 2006 tok 19 100 deltakarar ulike kortkurs ved folkehøgskolane. Dette er ein nedgang på 1 700 deltakarar, eller 8 prosent, samanlikna med året før. Talet på utanlandske deltakarar gjekk ned med 35 prosent frå 2005 til 2006. Kvinner er i fleirtal blant dei som tek kortkurs.

Talet på deltakarar på kortkurs i 2006 har gått ned samanlikna med 2005, og vi må attende til 2001 for å finne eit like lågt tal. Størst nedgang i talet på deltakarar finn ein i aldersgruppa 30-39 år. Det var også færre utanlandske statsborgarar som deltok på kortkurs i 2006 enn 2005. Talet på utanlandske deltakarar gjekk ned frå 1 630 i 2005 til 1 060 i 2006. Det er størst nedgang i talet på deltakarar frå Tyskland og Russland, men russarane er likevel i fleirtal, deretter kjem danskar, svenskar og tyskarar.

Framleis kvinnedominans

Som tidlegare år er det flest kvinnelege deltakarar på kortkursa. Aldersgruppa 50 år eller eldre er enno i fleirtal, og 62 prosent av deltakarane her er kvinner. Kvinner i denne aldersgruppa utgjer 35 prosent av alle deltakarane på kortkurs til saman.

Dei fleste tek estetiske fag og handverksfag

I 2006 deltok 40 prosent på kurs innanfor estetiske fag og handverksfag, mens 20 prosent valde humanistiske fag, trus- og livssynsfag. Deltakarar i aldersgruppa 30 til 50 år eller eldre er i fleirtal på kurs innanfor estetiske fag og handverksfag. I aldersgruppa 19 år eller yngre til 29 år valde fleirtalet kurs i organisasjons- og styringsfag og helse-, sosial- og idrettsfag.

Tabeller: