Innhald
Publisert:
Lågare barnehagetakstar etter nye moderasjonsordningar
Foreldrebetalinga i kommunale barnehagar viste eit samla fall på 0,5 prosent frå januar 2015 til januar 2016. Fallet skuldas hovudsakleg den nasjonale ordninga for reduksjon i foreldrebetalinga som trådde i kraft 1. mai 2015.
Den nye ordninga for foreldrebetaling skal sikre at ingen hushald betalar meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. I tillegg skal hushald med inntekt lågare enn 405 000 kroner ha gratis kjernetid for 4- og 5-åringar. Sjølv om maksimalgrensa sett av Stortinget auka, frå 2480 kroner i januar 2015 til 2655 kroner i januar 2016, var dei nye moderasjonsordningane kraftige nok til å trekke den gjennomsnittlege prisen ned mange stader. Dette gjeld spesielt områder som tidlegare hadde høge minimumssatsar og lite innslag av inntektsgradert betaling.
Grunna uvisse i datamaterialet, publiserer vi ikkje tal for private barnehagar i år. Vi publiserer derfor heller ikkje eit samla endringstal.
Statistikken blir no publisert som Foreldrebetaling i barnehagar.