Spansk mest populært

Publisert:

46 prosent av alle elevar som tek eit tredje språk på ungdomskulen, har spansk. 37,5 prosent har tysk, medan 16 prosent har fransk.

Alle ungdomskular skal tilby anten tysk, fransk eller spansk, men dei fleste tilbyr fleire framandspråk. Elevar har òg høve til å velja fordjuping i norsk, samisk eller engelsk og dessutan arbeidslivsfag i staden for eit tredje språk. Mengda elevar som har anten tysk, fransk, spansk eller eit anna framandspråk i tillegg til engelsk er 132 900.

Sidan 2011 har mengda elevar som har spansk som framandspråk auka med 2,4 prosentpoeng, tysk har auka med 2,3 prosentpoeng medan den delen som har fransk har falle med 4,6 prosentpoeng i same periode.

Figur 1. Del elevar som tek spansk, fransk, tysk og anna språk

2011 2014 2016 2018
Tysk 35.2 36.4 39.5 37.5
Fransk 20.6 18.0 16.5 16.0
Spansk 43.7 45.0 43.4 46.1
Anna språk 0.5 0.6 0.7 0.5

Skilnader i fylka

Ser ein landet under eitt er spansk det mest populære framandspråket, men dette gjeld ikkje i alle fylka. I fleire fylke er det tysk som er det mest populære framandspråket. Det fylket med størst del av elevane som tek tysk er Sogn og Fjordane der nær 64 prosent av elevane tek dette språket. Det fylket med lågast del elevar som har tysk er Oslo (27,2 prosent). I Oslo er det omtrent like mange som har tysk og fransk.

Finnmark er det fylket som skil seg mest frå landsnormalen. Tysk er òg i Finnmark det mest meste populære språket, men Finnmark skil seg frå dei andre i at dei har den største delen elevar som tek eit anna språk (17,8 prosent). Fleire elevar tek russisk (11,7 prosent) i Finnmark i høve til Fransk (9,2 prosent).

Færre tek eit tredje språk i Noreg enn elles i Norden

Ifølgje tal frå eurydice (Eurydice er eit europeisk nettverk som medverkar med samanliknande informasjon og analyser grunna i data frå alle dei europeiske utdanningssystema) tek færre norske elevar eitt tredje språk i høve til elles i Norden. Berre 72 prosent av alle ungdomsskuleelevar i Noreg har eit framandspråk i tillegg til engelsk. Island og Finland har delar som er nær 100 prosent, men desse landa har minst to obligatoriske nordiske språk på ungdomskulen.

Sett i samanheng med dei skandinaviske landa, ligg Noreg noko under Sverige (77,5 prosent) og Danmark (84 prosent) i del elevar på ungdomsskulen som tek eit tredje språk.

Spansk minst populært elles i Europa

Også i Europa er engelsk, tysk, fransk og spansk dei vanlegaste framandspråka. Men i motsetnad til i Noreg er spansk det minst populære av dei tre språka utanfor Norden. Berre 13 prosent av ungdomsskolelevar i Europa har spansk. Fransk er det meste populære språket som vert lært av 34 prosent av alle elevar.

Spansk er òg det einaste av desse språka som ikkje er obligatorisk i noko land, både tysk og fransk er obligatorisk i land med to eller fleire offisielle språk som til dømes i Belgia, Luxemburg og Sveits.

Faktaside

Kontakt