14880
/transport-og-reiseliv/statistikker/sjoulykker/aar
14880
Færre sjøulykker i 2000
statistikk
2001-09-28T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
sjoulykker, Sjøulykker (opphørt), skipsforlis, havarier, fritidsbåtulykker, skadde, drepte, dødsulykker, drukningerSjøtransport, Transport og reiseliv
false

Sjøulykker (opphørt)2000

Statistikken er opphørt. Tall for sjøulykker er tilgjengelig hos Sjøfartsdirektoratet.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Færre sjøulykker i 2000

Ti skip forliste og ni personar omkom på sjøen som følgje av sjøulykker i 2000. Det er fire skip færre enn i 1999.

95 skip havarerte i 2000 mot 124 skip i 1999. Målt i bruttotonn auka havarert bruttotonnasje med 20,4 prosent frå 1999 til 783 932 bruttotonn i 2000. Ti skip forliste i 2000 mot 14 skip i 1999. Målt i bruttotonn auka forlist bruttotonnasje med 44,7 prosent frå 1999 til 9 666 bruttotonn i 2000.

Av dei forliste skipa var mellom anna to orsaka av grunnstøyting, to av brann/eksplosjon og to av maskinskade. Av dei havarerte skipa var mellom anna 51 skip orsaka av grunnstøyting, tolv av kollisjon med anna fartøy og tolv havarier av brann/eksplosjon.

Åtte av ti forliste skip i 2000 var registrerte i Norsk Ordinært Skipsregister (NOR), medan 73 av 95 havarerte skip i 2000 var registrerte i same skipsregister.

Av dei 95 havarerte skipa i 2000, havarerte 20 skip mellom Lindesnes og Bergen og 20 skip mellom Bergen og Trondheim. Vidare havarerte 14 skip mellom Trondheim og Tromsø, medan sju skip havarerte mellom Tromsø og den norsk-russiske grensa.

Tabeller: