Oppgang i april for hotellnæringa

Publisert:

I april 2018 var det en vekst i gjestedøgn på 10 prosent ved norske hotell, samanlikna med april året før. Norske hotellovernattingar auka med 11 prosent, medan utanlandske hotellovernattingar auka med 5 prosent.

Det var kurs- og konferanse og yrkesreisande som auka i april, mot en nedgang for fritidsreisande, syner overnattingsstatistikken. Auken i kurs- og konferanse og yrkesreisande kan skuldast at påska fall i mars i år mot april i fjor.

For å eliminere noko av effekten som følgjer av når på året påska kjem, er det interessant å sjå på samla tal for heile året til no. Overnattingar på hotell hittil i år, samanlikna med dei første fire månadene i fjor, auka med 3 prosent. Auken blant hotellovernattingane er først og fremst drevet av ein 6 prosents oppgang i talet på feriereisande samanlikna med dei fire første månadene i fjor.

1 Figur rettet 10. juli

Figur 1. Alle overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland¹

Mai 2017 Mai 2018
I alt 2516663 2652027
Noreg 1817862 1921552
Utlandet 698801 730475

Nedgang på campingplassar og hyttegrender etter påska

Samla sett auka totale overnattingar i april med 3 prosent frå same månad året før. Veksten i overnattingar blei først og fremst drevet av at fleire nordmenn overnatta på hotell i april i år mot same månad i fjor. Campingplassar og hyttegrender opplevde ein nedgang på høvesvis 19 og 16 prosent. På tross av denne nedgangen var det ein auke i utanlandske overnattingar både på campingplassar og hyttegrender samanlikna med same månad året før.  Frå figuren under kan ein sjå at hotellovernattingar var ein betydeleg del av overnattingane i april månad. 

1 Figur rettet 10. juli

Figur 2. Andel av overnattingar etter bedriftstype i mai 2018¹

Prosent
Hotell og lignende 69 % 69
Camping 24 % 24
Hyttegrender 6 % 6
Vandrerhjem 1 % 1

Losjiomsetninga auka meir enn overnattingar

Medan talet på hotellovernattingar auka med 10 prosent i heile landet, auka losjiomsetninga for hotell med 20 prosent i forhold til april året før. Dette har samanheng med at omsetning per selde rom var 2 prosent høgre. Her er det derimot store regionale forskjellar, der Nordland, Vest-Agder og Oslo har dei største relative aukane i oppnådd pris per rom, medan Telemark, Troms og Finnmark har sett ein nedgang. Tala for losjiomsetning per tilgjengelege rom (REVPAR) viste ein god månad for hotella, og det har vore ein trend messig auke i april over tid sidan 2009.

Figur 3

Figur 3. Losjiomsetning per tilgjengeleg rom i april