På grunn av vedlikehold kan innholdet på ssb.no være ustabilt fra kl. 17.00. Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Noko fleire overnattingar i november

Publisert:

Talet på hotellovernattingar med norske gjestar auka i november, medan utanlandske hotellovernattingar gjekk ned. Samla sett var det 1 prosent fleire overnattingar i november 2018 enn i den same månaden året før.

Overnattingsstatistikken viser atdet var 1,85 millionar overnattingar registrerte i november 2018 i den kommersielle overnattingstrafikken, mot 1,83 millionar i same månad i 2017. 

Figur 1. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland

November 2017 November 2018
I alt 1832600 1851011
Noreg 1516962 1545477
Utlandet 315638 305534

Færre utlendingar             

Samla sett auka norske overnattingar med 1,9 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med 3,2 prosent. Nedgangen i utanlandske overnattingar heng særskilt saman med færre turistar frå Storbritannia, Sverige og Asia. USA, Portugal og Italia var landa som hadde størst auke på hotella i Noreg.

Kartet under syner dei totale overnattingane i november 2018 i dei ulike fylka.

Figur 2. Overnattingar totalt etter fylke. November 2018

ØSTFOLD 38436
AKERSHUS 190400
OSLO 375283
HEDMARK 58321
OPPLAND 109727
BUSKERUD 94437
VESTFOLD 40444
TELEMARK 35511
AUST-AGDER 15653
VEST-AGDER 41331
ROGALAND 134373
HORDALAND 188644
SOGN OG FJORDANE 41856
MØRE OG ROMSDAL 75661
TRØNDELAG 178234
NORDLAND 86097
TROMS 106980
FINNMARK 32515
SVALBARD 7108
Figur 2. Overnattingar totalt etter fylke. November 2018
ØSTFOLD 38436
AKERSHUS 190400
OSLO 375283
HEDMARK 58321
OPPLAND 109727
BUSKERUD 94437
VESTFOLD 40444
TELEMARK 35511
AUST-AGDER 15653
VEST-AGDER 41331
ROGALAND 134373
HORDALAND 188644
SOGN OG FJORDANE 41856
MØRE OG ROMSDAL 75661
TRØNDELAG 178234
NORDLAND 86097
TROMS 106980
FINNMARK 32515
SVALBARD 7108

Klare regionale skilnadar i utanlandske overnattingar     

Den samla nedgangen i utanlandske overnattingar på 3,2 prosent frå november 2017 har ikkje fordelt seg jamt over heile landet. Det er Oslo, Rogaland og Buskerud som trekker ned, medan Troms, Nordland og Hedmark bidrar til at nedgangen ikkje er større.

Overnattingar på Svalbard hald fram med å auke

Hotellovernattingar på Svalbard auka med 28 prosent frå november 2018 målt mot november 2017. Dette er ein del av ein lengre trend med stadig fleire hotellovernattingar på Svalbard, også utanfor den tradisjonelle sesongen for turistar.

Ser ein på tala bakover i tid, var det til dømes over tre gonger fleire utanlandske overnattingar i november 2018 enn i november 2013, og dei norske overnattingane var nesten dobla i den same perioden.

Figur 3. Overnattingar på Svalbard i november

2013 2014 2015 2016 2017 2018
I alt 3292 3356 3883 5724 5546 7108
Utlandet 452 740 1042 1491 1442 1543
Norge 2840 2616 2841 4233 4104 5565

Fleire overnattingar på campingplassar

  • 120 000 overnattingar i november 2018
  • Norske overnattingar auka med 21 prosent
  • Utanlandske overnattingar auka med 6,1 prosent

Færre overnattingar på hyttegrendene

  • 60 000 overnattingar i november 2018
  • Norske overnattingar gjekk ned 15 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 18 prosent