Fleire hotellovernattingar

Publisert:

I november 2017 var det 1,6 million overnattingar ved norske hotell. Dette var 4 prosent fleire enn i den same månaden i 2016.

Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter bustadland til gjestene

November 2016 November 2017
I alt 1576988 1647576
Noreg 1310734 1373030
Utlandet 266254 274546

Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp 5 prosent, frå november 2016 og enda på 1,4 millionar i november 2017. I det same tidsrommet gjekk talet på utanlandske overnattingar opp 3 prosent til 275 000 overnattingar, viser tall fra statistikken Overnattingar.

Sett i høve til november 2016 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 8 prosent. Gjennomsnittsprisen per rom var 968 kroner i november i år, noko som er 4 prosent høgare samanlikna med november 2016.

Færre campingovernattingar

• 101 000 overnattingar i november 2017

• 20 prosent nedgang sidan november 2016

• Norske overnattingar gjekk ned 24 prosent

• Utanlandske overnattingar gjekk opp 18 prosent

71 000 overnattingar på hyttegrendene

• Om lag uendra frå november 2016

• Norske overnattingar gjekk ned 11 prosent

• Utanlandske overnattingar gjekk opp 36 prosent

Færre overnattingar på Svalbard

• 5 500 overnattingar på Svalbard

• 3 prosent nedgang sidan november 2016

Overgang til Altinn gjev usikre tal i ein overgangsfase

Tala i overnattingsstatistikken er henta frå ei månadleg undersøking der så å seie alle kommersielle overnattingsaktørar skal rapportere til SSB. Alle undersøkingar er hefta med ein viss grad av uvisse. Feil- og manglande rapportering er vanlege feilkjelder som gjer at tala vert hefta med ein grad av uvisse. SSB arbeider for å gjere innrapporteringa enklare og datakvaliteten betre. Frå og med januar 2017 er rapporteringa til overnattingsstatistikken lagt om til Altinn, og i samband med omlegginga er det gjort nokre endringar i skjema. Det syner seg etter kvart at desse endringane har vore litt krevjande for nokre av rapportørane, noko som kan ha medført feil i innrapporteringa. Sjølv om SSB korrigerer tydelege feil, kan det i denne overgangsfasen vere noko meir uvisse knytt til dei publiserte tala. SSB arbeider kontinuerleg for å betre innrapporteringa, og kvaliteten på statistikken vil gradvis bli betre enn det som vart samla inn før overgangen til Altinn. Det er òg høve til å rapportere via sluttbrukarsystem (typisk bookingsystem). Ved overgang til Altinn, måtte det gjerast endringar i systema. Dette har vore krevjande og har tatt langt meir tid enn forventa.

Overnattingar skal rapporterast etter gjesten sitt bustadland. I hotellstatistikken har SSB registrert at «Europa elles» har auka, og det er mistanke om at for å gjere rapporteringa enklare, har mange ført for høge tal her. Ved overgangen til Altinn, utvida SSB landlista og fjerna etter ønske frå brukarane «Europa elles». Ei kartlegging gjort i vår og i sommar, viser at ein del hotell som tidlegare nytta «Europa elles», no har ført overnattingar med usikre bustadland som norske overnattingar. Dette kan ha gitt ein for stor nedgang i utanlandske overnattingar frå Europa, og tilsvarande for høge tal på norske overnattingar. Tala for Noreg og «Europa elles» i 2017 kan ikkje direkte samanliknast med tidlegare år. Det er heller ikkje sikkert at dei tala som tidlegare vart rapportert på «Europa elles» var korrekte tal.

Ved overgang til Altinn vart skjema utvida til å ta med spørsmål om talet på komne gjestar ved campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar. I tillegg har det vorte lagt inn fleire hjelpefelt for omrekning frå einingsdøgn til gjestedøgn og gjestedøgn og sesongkontraktar på campingskjemaet. Desse endringane skal vere med på å auke kvaliteten i tala, og det kan vere utfordringar ved å samanlikne tala på mindre regionale nivå, særleg for campingplassane.