Stadig betre breibanddekning i Noreg

Publisert:

Det siste året har over 40 000 nye breibandsabonnement blitt teikna. Samtidig fortset internetthastigheitene i landet å auke. For fyrste gong er gjennomsnittshastigheita no over 100 Mbit/s.

I 3. kvartal 2018 var det totalt 2 179 613 faste breiband i Noreg, inkludert 128 111 verksemdsbreiband, syner nye tal frå internett-målinga.

Dette er en auking på over 40 000 breiband på eitt år. Samtidig har det i den same perioden vore ein liten nedgang i talet på verksemdsbreiband. Det betyr at heile auka skuldast at det er fleire private breiband enn nokon gang. Berre sidan førre kvartal har talet på faste private breiband auka med over 10 000. Den svake nedgangen i verksemdsabonnement fortsett, etter toppen i 2008.

Meir om private breiband og dekningsgrad

Dekningsgraden i undersøkinga er eit estimat, og ikkje nødvendigvis den nøyaktige prosentdelen av hushald med breiband. Han er rekna ut frå talet på private breiband delt på talet på hushald, multiplisert med 100.

Det finst faktorar som kan gjere den utrekna dekningsgraden ulik faktisk dekningsgrad. Til dømes finst det breibandsabonnement tilknytte hytter som ikkje vert rekna som hushald. Det gjer at fleire «hyttekommunar» får ein dekningsgrad på over 100. I motsett retning kan ein tenkje seg enkelte hushald som har tilgang til breiband utan å ha eit eige breibandsabonnement.

Figur 1

Figur 1. Breibandsabonnement, fordelt etter marknad

Blant norske hushald er det no 86,3 private breiband per 100 hushald, noko som er ein auke på 0,5 sida førre kvartal, og 1,8 høgare enn for eitt år sidan. Dette følgjar den jamne trenden dei siste 10 åra då omtrent to av tre av hushalda hadde fast breibandstilknytting. Dekninga er størst i Oslo, der 93,5 per 100 hushald har fast breiband, medan den lågaste dekninga finn ein i Finnmark, der under åtte av ti hushald har fast breiband.

Internetthastigheitane aukar framleis

Medianverdien for hastigheita til private breiband i Noreg var i 3. kvartal 2018 på 49,6 Mbit/s. I 3. kvartal 2017 var denne verdien 33,9 Mbit/s, medan det førre kvartal var 47,9 Mbit/s. Viss ein ser på hastigheiter i verksemdsmarknaden, har medianhastigheta auka frå 19,1 Mbit/s i andre kvartal 2018, til 19,9 Mbit/s i tredje kvartal 2018. Trenden med sterk auke i breibandshastigheiter dei siste åra held dermed fram.

Figur 2. Overføringskapasitet for breibandsabonnement, etter marknad. Medianverdi og gjennomsnitt

Gjennomsnitt private Median private Gjennomsnitt bedrifter Median bedrifter
3. kv. 2004 0.9 0.6
4. kv. 2004 1.0 0.6
1. kv. 2005 1.0 0.7
2. kv. 2005 1.3 0.8
3. kv. 2005 1.4 0.8
4. kv. 2005 1.5 0.9
1. kv. 2006 1.6 1.0
2. kv. 2006 2.1 1.6
3. kv. 2006 2.2 1.7
4. kv. 2006 2.9 2.1
1. kv. 2007 3.0 2.1
2. kv. 2007 3.3 2.2
3. kv. 2007 3.5 2.3
4. kv. 2007 3.8 2.5
1. kv. 2008 3.9 2.6
2. kv. 2008 4.1 2.7
3. kv. 2008 4.3 3.0
4. kv. 2008 5.0 3.3 4.1 1.8
1. kv. 2009 5.4 3.5 4.2 1.8
2. kv. 2009 5.5 3.4 4.0 1.9
3. kv. 2009 5.7 3.5 4.1 1.9
4. kv. 2009 5.9 3.6 5.6 3.3
1. kv. 2010 6.1 3.7 6.1 3.4
2. kv. 2010 6.3 3.9 6.1 3.4
3. kv. 2010 6.6 4.1 6.4 3.5
4. kv. 2010 6.8 4.5 6.6 3.6
1. kv. 2011 7.4 5.3 7.1 3.7
2. kv. 2011 10.4 5.7 7.4 3.8
3. kv. 2011 10.7 6.0 7.7 3.9
4. kv. 2011 11.4 6.7 8.4 4.1
1. kv. 2012 12.8 7.2 9.1 4.4
2. kv. 2012 13.5 7.4 9.9 4.7
3. kv. 2012 14.8 7.9 10.3 4.9
4. kv. 2012 15.6 8.6 11.0 5.3
1. kv. 2013 16.5 9.1 11.5 5.5
2. kv. 2013 16.9 9.6 12.3 5.8
3. kv. 2013 17.7 9.2 12.0 4.5
4. kv. 2013 18.4 10.2 13.3 5.5
1. kv. 2014 19.2 11.1 14.3 6.1
2. kv. 2014 23.1 17.8 15.1 6.6
3. kv. 2014 26.7 18.9 16 7.1
4. kv. 2014 28.3 20.4 16.8 7.7
1. kv. 2015 29.9 21 18.2 8.6
2. kv. 2015 31.5 22.8 19.1 9.5
3. kv. 2015 33.3 24.4 20.4 10.4
4. kv. 2015 34.6 24.9 21.6 11.2
1.kv. 2016 40.2 25.6 22.9 12.0
2. kv. 2016 43.0 26.3 24.5 13.0
3. kv. 2016 44.8 26.9 25.2 13.4
4. kv. 2016 47.0 27.7 26.6 14.3
1. kv. 2017 59.5 31.5 38.5 15.1
2. kv. 2017 63.0 32.5 41.5 15.9
3. kv. 2017 67.2 33.9 44.0 16.4
4. kv. 2017 81.1 43.2 46.7 17.1
1. kv. 2018 94.1 45.8 47.3 18.3
2. kv. 2018 98.3 48.2 47.9 19.1
3. kv. 2018 104.5 49.6 50.3 19.9

Medianverdien illustrerer eit typisk breiband, men auka i hastigheit blir enda klarare viss ein observerer gjennomsnittshastigheita. For private breiband har hastigheita auka med 55,5 prosent det siste året. Til samanlikning har medianhastigheita auka med 46,3 prosent i den same perioden. Gjennomsnittshastigheita 104,5 Mbit/s, medan det tilsvarande talet for eitt år sida var 67,2 Mbit/s.

Ny hastigheitsinndeling påverkar gjennomsnittshastigheita

1. kvartal 2017 fekk undersøkinga nye hastigheitskategoriar, for å ta høgde for stadig raskare breiband. Dette gjer at gjennomsnittshastigheiter frå 2017 ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Den gamle inndelinga fanga ikkje tilstrekkeleg opp dei svært raske breibanda, som har kome gradvis dei siste åra.

Mellom 4. kvartal 2016 og 1. kvartal 2017 vart fire av dei lågaste hastigheitskategoriane slått saman til éin kategori (128 Kbit/s til 4 Mbit/s) og det vart lagt til tre nye kategoriar over den som tidlegare var raskast (128 Mbit/s og opp).

Eit breibandsabonnement på 1000 Mbit/s ville tidlegare hamna i same kategori som eit abonnement på 150 Mbit/s og fått same verdi i hastigheitsberekninga vår. No kjem førstnemnde abonnement to kategoriar over, og får ein meir korrekt verdi i hastigheitsberekninga.

Medianhastigheita blir ikkje påverka av ekstremt raske breiband på same måte som gjennomsnittshastigheita, og endringa i inndeling av hastigheit får ingen effekt. For å finne det «typiske» breibandet i Noreg, er medianhastigheita difor eit betre mål.

Framleis store hastigheitsforskjellar mellom fylka

Den høgaste medianhastigheita for private breiband finn ein framleis i Akershus, der eit typisk breiband har ein hastigheit på 58,1 Mbit/s, altså 8,5 Mbit/s over landsgjennomsnittet. Samstundes er det no fleire og fleire fylker som har ein medianhastigheit over 50 Mbit/s. For eitt år sida var det berre Rogaland som hadde ein så høg medianhastigheit, men no gjeld dette ein tredel av fylka.

Figur 3. Medianhastigheit for private breiband, etter fylke. 3. kvartal 2018

ØSTFOLD 46.7
AKERSHUS 58.1
OSLO 53.6
HEDMARK 33.7
OPPLAND 31.5
BUSKERUD 48.3
VESTFOLD 55.1
TELEMARK 50.3
AUST-AGDER 50.3
VEST-AGDER 45.7
ROGALAND 55.4
HORDALAND 49.5
SOGN OG FJORDANE 35.5
MØRE OG ROMSDAL 47.1
TRØNDELAG 49.0
NORDLAND 45.6
TROMS - ROMSA 49.3
FINNMARK - FINNMÁRKU 26.9
Figur 3. Medianhastigheit for private breiband, etter fylke. 3. kvartal 2018
ØSTFOLD 46.7
AKERSHUS 58.1
OSLO 53.6
HEDMARK 33.7
OPPLAND 31.5
BUSKERUD 48.3
VESTFOLD 55.1
TELEMARK 50.3
AUST-AGDER 50.3
VEST-AGDER 45.7
ROGALAND 55.4
HORDALAND 49.5
SOGN OG FJORDANE 35.5
MØRE OG ROMSDAL 47.1
TRØNDELAG 49.0
NORDLAND 45.6
TROMS - ROMSA 49.3
FINNMARK - FINNMÁRKU 26.9

Den største auka i medianhastigheit i løpet av det siste året, finn ein i Nordland og Troms, medan fylket med lågast hastighetsauke er Finnmark. Dei nordnorske fylka skil seg med andre ord ut i begge endar av skalaen. Auka for dei to førstnemnde fylka har vore høvesvis 24,6 og 23,4 Mbit/s frå tredje kvartal 2017, medan auka frå det førre kvartalet har vore meir beskjeden med 3,3Mbit/s for desse to fylka. I denne perioden er det Aust-Agder som har opplevd den største auka med 3,6 Mbit/s.

Kontakt