21614
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/soshjelpk/arkiv
21614
Stadig færre får sosialhjelp
statistikk
2008-06-17T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
soshjelpk, Økonomisk sosialhjelp, sosialhjelpsmottakere, sosialhjelpsytelser, kvalifiseringsprogram, stønadssituasjon, sosialtjenesten, stønadstid, stønadstilfeller, stønadstype (bidrag, lån), personell i sosialtjenesten (for eksempel sosionomer, barnevernspedagoger, kontoransatte), driftsutgifterSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Trygd og stønad, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Økonomisk sosialhjelp2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Stadig færre får sosialhjelp

I 2007 fekk 109 600 personar økonomisk sosialhjelp. Dette er ein nedgang på 10 prosent samanlikna med året før. Yngre mottakarar av sosialhjelp utgjer ein stadig mindre del av det samla talet på mottakarar.

Talet på sosialhjelpsmottakarar. 1987-2007

2,3 prosent av befolkninga fekk sosialhjelp i 2007. Sidan 1994 har utviklinga i talet på sosialhjelpsmottakarar gått nedover1, men nedgangen har aldri vore så sterk som i 2007. Frå 2005 til 2006 var nedgangen på 5 prosent, mot 10 prosent frå 2006 til 2007. Nedgangen i utbetalingar er meir stabil, på 7 prosent frå 2005 til 2006, og 8 prosent frå 2006 til 2007. Utviklinga i utbetalingane er justert for prisvekst. I 2007 blei det utbetalt om lag 4,3 milliardar kroner i sosialhjelp.

Fleire er eldre, færre er yngre

Sjølv om det var færre mottakarar og lågare utbetalingar i 2007, er det likevel små endringar i kven som tek imot sosialhjelp samanlikna med i 2006. Kvar fjerde sosialhjelpsmottakar er framleis i alderen 30-39 år, og slik har det vore dei siste 20 åra. Delen av mottakarane som er yngre enn 30 år har minka jamt i same tidsperiode, medan delen som er over 40 år har auka, sett bort ifrå personar over 67 år. Nærmare 60 prosent av alle mottakarar i 2007 var einslege utan forsørgjeransvar for barn, og av desse var to av tre menn. Einslege med barn under 18 år utgjer 20 prosent av alle som tok imot sosialhjelp, og av desse er to av tre kvinner.

Auke i gjennomsnittleg utbetaling

Nedgangen i utbetalingar av økonomisk stønad har ikkje vore like stor som nedgangen i talet på personar som tek imot slik stønad. Årleg utbetaling for kvar mottakar har gått opp til 38 900 kroner, ein auke på 1 000 kroner (målt i 2007-kroner) sidan 2006.

Mottakarane tok i snitt imot 7 300 kroner for kvar månad med utbetaling i 2007, mot 7 100 kroner i 2006. Dei aller fleste av mottakarane, 44 prosent, rapporterte sosialhjelp som deira viktigaste inntektskjelde i 2007. To av fem rapporterte om å ha teke imot trygd ein eller annan gong gjennom året, av desse var ein tredjedel uføretrygda. Statistikken seier ikkje noko om utbetaling av trygd og utbetaling av sosialhjelp har skjedd i same månad.

Nye mottakarar og gjengangarar. 1997-2007

Dei fleste har fått stønad før

Sosialhjelp er meint å vere ei yting i kort tid til personar som i periodar av livet treng hjelp til livsopphald. Gjennomsnittleg stønadstid var i 2007 på 5,3 månader, dette nivået har vore jamt dei seinare åra. Nær 12 prosent av mottakarane hadde sosialhjelp gjennom heile året. Det er likevel flest mottakarar, 21 prosent, som berre får sosialhjelp i ein månad av året. Av alle dei som fekk økonomisk stønad i 2007, fekk 70 prosent også stønad i 2006. Desse blir definert som gjengangarar. Utviklinga sidan 2003 viser at den relative delen gjengangarar aukar svakt år for år.

Talgrunnlaget som denne publiseringa byggjer på, er samla inn gjennom KOSTRA .

1Perioden 2002-2004 viser ein liten auke talet på sosialhjelpsmottakarar. Statistikken for 2003 og 2004 er også inkludert mottakarar av introduksjonsstønad.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB