21616_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/soshjelpk/arkiv
21616
Færre fekk økonomisk sosialhjelp
statistikk
2007-07-04T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
soshjelpk, Økonomisk sosialhjelp, sosialhjelpsmottakere, sosialhjelpsytelser, kvalifiseringsprogram, stønadssituasjon, sosialtjenesten, stønadstid, stønadstilfeller, stønadstype (bidrag, lån), personell i sosialtjenesten (for eksempel sosionomer, barnevernspedagoger, kontoransatte), driftsutgifterSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Trygd og stønad, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Økonomisk sosialhjelp2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Færre fekk økonomisk sosialhjelp

122 400 personar fekk vel 4,6 milliardar kroner i økonomisk sosialhjelp i 2006. Samanlikna med 2005 er dette ein nedgang på 5 prosent i talet på mottakarar. Utbetalingane har samla gått ned med 7 prosent frå året før.

Talet på sosialhjelpsmottakarar. 1987-2006

I 2006 fekk 2,6 prosent av befolkninga økonomisk sosialhjelp. Sjølv om det har blitt færre mottakarar og lågare utbetalingar, har det skjedd små endringar i kven som tek imot økonomisk sosialhjelp. Framleis finn ein kvar fjerde mottakar i aldersgruppa 30-39 år. Det er som i 2005 flest sosialhjelpsmottakarar i aldersgruppa 20-24 år, målt som del av befolkninga i same alder. Nærmare 8 prosent av befolkninga i aldersgruppa 20-24 år tok imot økonomisk sosialhjelp i 2006. Dette talet har vore stabilt i om lag ti år - nedgangen frå 2005 er på om lag 0,5 prosentpoeng.

Stabil stønadslengde og reduserte utgifter

Utgiftene til økonomisk sosialhjelp gjekk i 2006 ned med 7 prosent samanlikna med året før (målt i 2006-kroner). Samla blei det utbetalt vel 4,6 milliardar kroner i sosialhjelp, og i snitt fekk kvar mottakar 37 600 kroner. Støtta til den enkelte mottakar gjekk i 2006 ned med om lag 2 prosent samanlikna med 2005 - dette òg målt i 2006-kroner. Gjennomsnittleg stønad per månad med utbetaling er i 2006 på 7 100 kroner.

Gjennomsnittleg stønadstid er i 2006 på 5,3 månader, dette er eit nivå den har ligge jamt på dei seinare åra. 21 prosent av mottakarane fekk støtte i ein månad, medan 11 prosent tok imot støtte gjennom heile året. Dei fleste av mottakarane har likevel ei kort mottakstid, 52 prosent har stønad i fire eller færre månader.

Nye og gamle mottakarar. 1997-2006. Prosent

Talet på nye mottakarar av økonomisk sosialhjelp kryp nedover, og i 2006 var 31 prosent av mottakarane nye mottakarar (dvs. samanlikna med året før).

Årsverk i sosialtenesta

Ved utgangen av 2006 blei det registrert 5 564 årsverk i sosialtenesta. Dette omfattar årsverka innanfor dei tradisjonelle arbeidsoppgåvene retta mot råd, rettleiing og sosialførebyggjande arbeid, og tilbod til personar med rusproblem. Årsverk til introduksjonsordninga og kommunale sysselsetjingstiltak er ikkje rekna med her.

Sosionomar utgjer - ikkje uventa - den største utdanningsgruppa blant dei tilsette på sosialkontora med 43 prosent av årsverka. Dette er same nivå som i 2005. Ser ein på talet på årsverk i forhold til folketalet (18 år og over), er det i gjennomsnitt 1,6 årsverk per 1 000 innbyggjar i 2006.

Talgrunnlaget som denne publiseringa byggjer på er samla inn gjennom KOSTRA .

Tabeller: