21618
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/soshjelpk/arkiv
21618
4,8 milliardar til sosialhjelp
statistikk
2006-08-17T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
soshjelpk, Økonomisk sosialhjelp, sosialhjelpsmottakere, sosialhjelpsytelser, kvalifiseringsprogram, stønadssituasjon, sosialtjenesten, stønadstid, stønadstilfeller, stønadstype (bidrag, lån), personell i sosialtjenesten (for eksempel sosionomer, barnevernspedagoger, kontoransatte), driftsutgifterSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Trygd og stønad, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Økonomisk sosialhjelp2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

4,8 milliardar til sosialhjelp

I 2005 mottok 129 000 personar økonomisk sosialhjelp og samla blei det utbetalt vel 4,8 milliardar kroner i bidrag og lån. 3 prosent av befolkninga, og heile 8 prosent av dei unge vaksne er mottakarar av sosialhjelp.

Etter at endelege tal for økonomisk sosialhjelp blei publiserte 17.08.2006, er det gjort små korrigeringar i datamaterialet. Talet på mottakarar av økonomisk sosialhjelp har auka med vel 300 og dei totale utgiftene er blitt 8,9 millionar kroner høgare. Dette skuldast at Fjell kommune har sendt inn opplysningar om fleire mottakarar i 2005. Samstundes har Alstadhaug kommune levert data for 2005, ved publiseringa i august nytta ein her tal frå 2004.

Samanlikna med 2004 går talet på mottakarar av økonomisk sosialhjelp ned med 2,5 prosent i 2005. Dei to siste åra har innføringa av introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar gjort det umogleg å skilje mellom mottak av økonomisk sosialhjelp og introduksjonsstønad. For 2005 er dette igjen mogleg og tala viser eit klart samanfall med resultata frå 2002 - året før introduksjonsordninga trådde i kraft.

Dersom ein ser tilbake på åra 2000-2002, før introduksjonsordninga kom blei innført, er talet på 128 964 sosialhjelpsmottakarar i 2005 på omlag same nivå som då. Årsaka er at no kan mottakarane av introduksjonsstønaden skiljast frå dei som mottek økonomisk sosialhjelp.

Nye og gamle mottakarar. 1997-2005. Prosent

Talet på sosialhjelpsmottakarar. 1987-2005

Målt som del av befolkninga utgjer sosialhjelpsmottakarane 3 prosent, tek ein med barn og ektefellar i berekninga utgjer sosialhjelpsmottakarane i underkant av 5 prosent av befolkninga i 2005. Fordelt på alder liknar tala på tidlegare år. I 2005 finn ein om lag kvar fjerde mottakar i aldersgruppa 30-39 år. Om ein måler sosialhjelpsmottakarane som del av befolkninga i same alder, er det flest mottakarar i aldersgruppa 20-24 år. 8 prosent av befolkninga i denne aldersgruppa mottok økonomisk sosialhjelp i 2005. Dette talet har vore stabilt sidan 1998.

Nedgang i dei totale utgiftene - lita endring i stønadstid

Det blei i 2005 utbetalt vel 4,8 milliardar kroner i sosialhjelp. Målt i 2005-kroner er dette ein nedgang på 4 prosent frå året før, mens det er på same nivå som i 2002. I snitt fekk mottakarane 37 600 kroner totalt i sosialhjelp, og for kvar mottakar er den gjennomsnittlige utbetalinga på 7 000 kroner per månad.

Når det gjeld lengda på tida den enkelte mottek sosialhjelp, viser tala små avvik frå dei siste åra. Den gjennomsnittlige stønadstida er i 2005 på 5,3 månader. 21 prosent av mottakarane fekk støtte i berre ein månad, medan 11 prosent har motteke støtte gjennom heile året.

Blant dei som mottek økonomisk sosialhjelp i 2005, har nær 7 av 10 motteke sosialhjelp også i 2004. Talet på nye mottakarar går ned i 2005, og er no på sitt lågaste nivå på fleire år.

Dei to føregåande åra har vore spesielle for sosialhjelpsstatistikken, prega av innføringa av lov om introduksjonsordning for nykomne innvandrarar (introduksjonslova). Frå 1. september 2003 trådde lova i kraft som ei frivillig ordning for kommunane, same dato året etter blei lova gjort obligatorisk. I 2003 blei mottakarar av introduksjonsstønad innrapporterte på det same skjemaet som mottakarane av økonomisk sosialhjelp. Grunna at introduksjonslova trådde i kraft midt i rapporteringsåret og ei manglande oppdatering av interne fagsystem i kommunane, blei det umogleg å skilje mottakarane av dei to ordningane i 2003. I 2004 blei det utvikla eit eige skjema for mottakarar av introduksjonsstønad. Men sidan ordninga først blei obligatorisk seint på året, medført dette at mange klientar blei registrerte som mottakarar av sosialhjelp i byrjinga av året og så som mottakarar av introduksjonsstønad mot slutten av året. Samanblandinga av dei ulike mottakargruppene i store delar av 2004 har gjort det umogeleg å skilje beløpa frå dei to stønadane. Dette gjer at rapporteringane for 2003 og 2004 i liten grad kan samanliknast med andre år, samstundes som dei heller ikkje kan samanliknast med kvarandre.

Årsverk i sosialtenesta

Ved utgangen av 2005 blei det registrert 5 345 årsverk i sosialtenesta. Dette omfattar årsverka innanfor dei tradisjonelle arbeidsoppgåvene retta mot råd, rettleiing og sosialførebyggjande arbeid, og mot tilbod til personar med rusproblem. Årsverk til introduksjonsordninga er ikkje medrekna her.

Dersom årsverk knytt til kommunale sysselsetjingstiltak blir inkludert aukar talet til 6 081 årsverk. Sosionomar utgjer - ikkje uventa - den største utdanningsgruppa blant dei tilsette på sosialkontora med 43 prosent av årsverka.

Ser ein på talet på årsverk i forhold til folketalet (18 år og over), er det i gjennomsnitt 1,5 årsverk per 1 000 innbyggjar i 2005.

Talgrunnlaget som denne publiseringa byggjer på er samle inn gjennom KOSTRA - for meir informasjon om KOSTRA sjå: http://www.ssb.no/kostra/

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB