21622_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/soshjelpk/arkiv
21622
Svak auke i utbetalingane til sosialhjelp
statistikk
2004-10-29T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
soshjelpk, Økonomisk sosialhjelp, sosialhjelpsmottakere, sosialhjelpsytelser, kvalifiseringsprogram, stønadssituasjon, sosialtjenesten, stønadstid, stønadstilfeller, stønadstype (bidrag, lån), personell i sosialtjenesten (for eksempel sosionomer, barnevernspedagoger, kontoransatte), driftsutgifterSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Trygd og stønad, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Økonomisk sosialhjelp2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Svak auke i utbetalingane til sosialhjelp

Dei om lag 135 380 personane som mottok sosialhjelp eller introduksjonsstønad i 2003, fekk totalt utbetalt vel 5 milliardar kroner i økonomisk sosialhjelp - inkludert introduksjonsstønad. Dette er ein auke på knappe 6 prosent frå 2002. I gjennomsnitt fekk kvar mottakar utbetalt om lag 37 000 kroner per år.

Den gjennomsnittlege stønadstida var på vel 5 månader, same nivå som året før. Dette gir i snitt ei månadleg utbetaling på vel 7 300 kroner.

I samband med at lov om introduksjonsordning for nykomne innvandrarar (introduksjonslova) trådde i kraft som frivillig ordning for kommunane frå 1. september 2003, vart sosialhjelpsskjemaet for same år endra slik at det òg omfatta mottakarar av introduksjonsstønad. Fordi ordninga med introduksjonsstønad kom midt i året og fleire kommunar ikkje hadde oppdatert fagsystema i forhold til endringane i rapporteringa, er det ikkje mogeleg å skilje mottakarane av dei to ordningane. Dette gjer òg at det er noko usikkert å samanlikne detaljar frå årets rapportering med tidlegare år.

Same hovudtendensar

Sjølv om talet på mottakarar auka noko i 2003, utgjorde dei om lag same delen av befolkninga som året før, vel 3 prosent av befolkninga mottok økonomisk stønad (inkludert introduksjonsstønad) i ein kortare eller lengre periode. 22 prosent av mottakarane fekk stønad i bere ein månad i 2003, medan det var 40 prosent som fekk stønad i seks månadar eller meir, om lag same fordeling som dei siste åra. Bak desse personane finn ein ofte barn og ektefelle. Dersom ein tek desse med, finn ein at det i 2003 var om lag 222 900 personar som i ein kortare eller lengre periode mottok økonomisk stønad (inkludert introduksjonsstønad). Det vil seie om lag 5 prosent av befolkninga.

Aldersspreiinga blant klientane er heller ikkje mykje endra frå tidlegare år. Framleis er det i aldersgruppa 30-39 år ein finn flest mottakarar. Ser ein derimot talet på mottakarar i ulike aldersgrupper opp mot befolkninga, er det i aldersgruppa 20-24 år ein finn den største delen av befolkninga.

Finnmark framleis flest sosialhjelpstilfelle i høve til folketalet

I fleire år har Finnmark vore det fylke som har den høgaste delen sosialhjelpstilfelle per innbyggjar. Dette bilete er ikkje endra i 2003, og Finnmark hadde 44 tilfelle per 1 000 innbyggjarar i 2003. Akershus hadde færrast sosialhjelpstilfelle i høve til folketalet, 23 tilfelle per 1 000 innbyggjarar.

Talet på sosialhjelpstilfelle auka òg med innbyggjartalet i kommunen, og kommunar med over 50 000 innbyggjarar har i gjennomsnitt 36 tilfelle per 1 000 innbyggjarar, medan tilsvarande tal for kommunar med under 5 000 innbyggjarar er 29 tilfelle.

Konsekvensar samanslåinga har fått for kvaliteten

Den viktigaste årsaka til at det er vanskeleg å samanlikne detaljar frå 2003 med tidlegare år, er at kvaliteten på delane av materialet som omhandlar om mottakaren berre har fått sosialhjelp eller introduksjonsstønad, eller om vedkommande har fått begge stønadsformene, er dårlig. Det er derfor ikkje mogeleg å seie sikkert kor mange som har nytta seg av dei ulike ordningane, og dei vert slått saman i publiseringa. På bakgrunn av undersøkingar vi har gjort på materialet, meiner vi likevel det er grunnlag for å seie at auken i talet på mottakarar i all hovudsak kjem av inkluderinga av introduksjonsstønaden. Stønaden er individuell og vert utbetalt til alle som deltek i ordninga. Talet på personar som vert omfatta vil derfor raskt auke, og truleg vil ein del av husstandane som fekk sosialhjelp i 2002 vere registrert med fleire personar i 2003. Auken i talet på nye tilfelle i 2003 understrekar i nokon grad dette, vel 36 prosent av klientane i 2003 var nye mottakarar. Ein liten endring i fordelinga mellom vestlege og ikkje-vestlege statsborgarar blant mottakarane understøtter òg denne trua. Mottakarane med ikkje-vestleg bakgrunn utgjer ein litt større del av mottakarane med utanlandske statsborgarskap enn tidlegare år, og det er den gruppa ein kan forvente å finna dei fleste mottakarane av introduksjonsstønad i.

Årsverk i sosialtenesta

Ved utgangen av 2003 vart det registrert 4 965 stillingar i sosialtenesta. Dette omfattar berre dei årsverka som er knytt til dei tradisjonelle arbeidsoppgåvene retta mot råd, rettleiing og sosialførebyggande arbeid og mot tilbod til personar med rusproblem. Dersom ein òg inkluderar årsverka som er knytt til kommunale sysselsettingstiltak, auka talet til 5 640 årsverk.

Vel halvparten av dei som arbeidde i sosialtenesta ved utgangen av 2003, var fagpersonell. Heile 52 prosent av dei tilsette var sosionomar, barnevernspedagogar eller vernepleiarar. Ser ein på talet på tilsette i forhold til folketalet (18 år og over), låg gjennomsnittet for landet på 1,4 stillingar per 1 000 vaksne innbyggjarar i 2003.

Dei regionale forskjellane når det gjeld tilsette i sosialtenesta per 1 000 innbyggjarar er store. Som tidlegare er det Oslo som har best dekning i forhold til folketalet (18 år og over) med 2,4 årsverk per 1 000 vaksne innbyggjarar. Herifrå er det langt ned til Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag som har lågast bemanning med 0,9 årsverk per 1 000 vaksne innbyggjarar.

Skilnaden på sosialhjelp og introduksjonsstønad

Sosialhjelpa kjem inn der kor anna privat og offentleg forsørging ikkje strekk til. Sosialhjelpa er berre meint å vere ein subsidiær yting som varer kort tid. Eit viktig vilkår for utbetalinga er derfor at alle andre løysingar er prøvd før sosialhjelpa vert utbetalt. Sosialhjelpslova har eit todelt formål: inntektssikring og rehabilitering. Sosialhjelpa skal vere økonomisk sikring for den enkelte, samt gjere den enkelte i stand til å klare seg sjølv. Sosialhjelpsutbetalinga er basert på ein skjønnsmessig vurdering og ses i forhold til både søkjarens eigen inntekt og familiens totale inntekt, samt kven søkjaren forsørgjar og kva utgifter ytinga skal dekke. Sosialhjelp vert normalt gitt i form av kontantstønad, men kan i særlege tilfelle bli gitt i form av lån eller rekvisisjonar. Sosialtenesta kan òg i særlege tilfelle yte økonomisk bistand til personar som treng det for å kunne overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon dersom vilkåra for sosialhjelp elles ikkje er oppfylte.

Introduksjonsstønaden er derimot ein individuell stønad som vert gitt til nykomne utlendingar med flyktningliknande bakgrunn mellom 18 og 55 år og som har behov for grunnleggjande kvalifisering. Programmet skal som hovudregel vare i inntil to år, og innhaldet skal vere individuelt tilrettelagt og skal innehalde norskopplæring, samfunnskunnskap og tiltak som førebur til vidare opplæring eller tilknyting til yrkeslivet. Introduksjonsstønad er den ytinga deltakaren i introduksjonsprogrammet mottek frå kommunen, til dekking av livsopphald i programperioden. Stønaden er på årsbasis lik to gangar folketrygdas grunnbeløp (2 G). Deltakarar under 25 år mottek 2/3 stønad. Stønaden er skattepliktig og dersom deltakaren har fråver frå opplæring og tiltak, utan gyldig grunn, blir vedkommande trekt i stønaden time for time. Stønaden er lik for alle og ikkje behovsprøvd. Dette vil seie at den ikkje vert avkorta mot barnetrygd, kontantstøtte og så vidare. Ytingar frå folketrygda som sjukepengar og dagpengar blir likevel avkorta.

Tabeller: