21624_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/soshjelpk/arkiv
21624
Stabilisering i talet på mottakarar
statistikk
2003-09-26T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
soshjelpk, Økonomisk sosialhjelp, sosialhjelpsmottakere, sosialhjelpsytelser, kvalifiseringsprogram, stønadssituasjon, sosialtjenesten, stønadstid, stønadstilfeller, stønadstype (bidrag, lån), personell i sosialtjenesten (for eksempel sosionomer, barnevernspedagoger, kontoransatte), driftsutgifterSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Trygd og stønad, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Økonomisk sosialhjelp2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Stabilisering i talet på mottakarar

Talet på sosialhjelpsmottakarar har dei tre siste åra vore stabilt. Totalt ble det i fjor utbetalt 4,6 milliardar kroner i sosialhjelp, ein auke på 228 millionar, eller nesten 5 prosent i høve til året før.

Talet på sosialhjelpsmottakarar. 1987-2002

Etter ein auke i talet på sosialhjelpsmottakarar frå 1999 til 2000, har det dei siste tre åra vore svært liten endring. I fjor hadde nesten halvparten av dei 128 800 mottakarane berre støtte i tre månader eller mindre. Berre to av ti hadde støtte i ti månadar eller meir, noko som er ein liten auke frå året før. I gjennomsnitt fekk kvar sosialhjelpsmottakar 35 800 kroner i fjor, eller om lag 7 000 kroner per månad med hjelp. Den gjennomsnittlege stønadstida var på fem månader i 2002, uendra frå dei to tidlegare åra.

Bak personen som står oppførd som sosialhjelpsmottakar finn ein ofte barn og ektefelle. Dersom ein tek med desse, finn ein at det i 2002 var om lag 209 700 personar som i ein kortare eller lengre periode mottok økonomisk stønad frå sosialkontoret. Det vil seie om lag 5 prosent av befolkninga. Det er om lag dei same tala som året før, men ein liten auke frå 2000, kor det tilsvarande talet var 4 prosent av befolkninga.

Brutto utbetalt økonomisk sosialhjelp. 1987-2002. I 1 000 kroner (2002-koner)

Liten endring i aldersspreiinga på sosialhjelpsmottakarane

I fleire år har talet på mottakarar vore høgast for aldersgruppa 20-29 år. I 2002 var om lag 31 prosent av alle sosialhjelpsmottakarane i denne aldersgruppa. Nesten 7 prosent av befolkninga i denne aldersgruppa er registrert som sosialhjelpsmottakarar. Sjølv om denne gruppa er størst blant mottakarane, er det i aldersgruppa 30-39 år og 40-49 år ein finner dei største gjennomsnittlege utbetalingane, på om lag 40 000 kroner.

Høgast sosialhjelpstilfelle i Finnmark

Det er store fylkesvise skilnader i delen stønadstilfelle i høve til folketalet. Finnmark har sidan 1998 hatt den høgaste delen sosialhjelpstilfelle per innbyggjar. Fram til 1998 hadde Oslo lenge vore det fylket som har hatt flest sosialhjelpstilfelle per innbyggjar, men i 1998 endra dette seg. Finnmark hadde då den største delen med 47 tilfelle per 1 000 innbyggjarar, medan Oslo hadde 44 tilfelle. Sidan 1998 har begge fylka stort sett hatt ein jamn nedgang, og i dag har dei to fylka høvesvis 43 og 38 tilfelle per 1 000 innbyggjarar.

Akershus og Sogn og Fjordane har i same periode vore dei fylka som har hatt færrast sosialhjelpstilfelle i høve til folketalet, med 22 tilfelle per 1 000 innbyggjarar i 1998, mot 21 og 25 tilfelle i 2001. Sogn og Fjordane fekk i 2001 følgje med Møre og Romsdal, med 25 tilfelle per 1 000 innbyggjarar. I 2002 hadde Akershus framleis færrast sosialhjelpstilfelle i høve til folketalet, med 21 tilfelle per 1 000 innbyggjarar. Sogn og Fjordane hadde 26 tilfelle per 1 000 innbyggjarar, medan Møre og Romsdal hadde 26 tilfelle per 1 000 innbyggjarar.

Delen sosialhjelpstilfelle auka òg med innbyggjartalet i kommunen. Kommunar med over 50 000 innbyggjarar har i gjennomsnitt 34 tilfelle per 1 000 innbyggjarar, medan tilsvarande tal for kommunar med under 5 000 innbyggjarar er 27 tilfelle.

Tabeller: