21628_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/soshjelpk/arkiv
21628
Talet på sosialhjelpsmottakarar uforandra
statistikk
2002-12-18T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
soshjelpk, Økonomisk sosialhjelp, sosialhjelpsmottakere, sosialhjelpsytelser, kvalifiseringsprogram, stønadssituasjon, sosialtjenesten, stønadstid, stønadstilfeller, stønadstype (bidrag, lån), personell i sosialtjenesten (for eksempel sosionomer, barnevernspedagoger, kontoransatte), driftsutgifterSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Trygd og stønad, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Økonomisk sosialhjelp2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Talet på sosialhjelpsmottakarar uforandra

Etter nedgang i talet på sosialhjelpsmottakarar i andre halvdel av 1990 tale, kunne ein i 2000 for første gong registrere ei svak auke. Tala frå 2001 syner at det berre har vore ei minimal auke i tale på mottakarar, 127 900 personar fekk sosialhjelp. (Artikkelen og tabell 2 blei retta juni 2003)

Talet på sosialhjelpsmottakarar auka med 0,5 prosent eller knapt 700 personar frå 2000 til 2001. Ein registrerer altså som for 2000 ein liten auke i talet på sosialhjelpsmottakarar etter fleire år med stabil nedgang.

Talet på sosialhjelpsmottakarar. 1987-2001

Det blei totalt utbetalt 4,3 milliardar kroner til sosialhjelp i 2001. Dette gir ein auke på 199 millionar, eller 4,6 prosent, i forhold til året før (omrekna til faste prisar). I gjennomsnitt fekk kvar sosialhjelpsmottakar 31 400 kroner i fjor, eller om lag 6 700 kroner per månad. Den gjennomsnittlege stønadstida var på fem månader i 2001, uendra frå 2000.

Stabil tilstrøyming av nye mottakarar

Sidan 1998 har det årlege talet på nye mottakarar vore meir eller mindre stabilt på om lag 45 000 personar. Talet på gjengangarar (mottakarar som òg fekk sosialhjelp året før) har òg vore meir eller mindre stabilt på 64 prosent sidan 1999.

Medan tilstrøyminga av nye mottakarar har vore stabil, kan ein i 2001 registrere ein auke i talet på sosialhjelpsmottakarar som fekk stønad i meir enn seks månader. 39 prosent av mottakarane i 2001 fekk stønad i meir enn seks månader, mot 37 prosent i 1999 og 38 prosent i 2000. Til tross for at det har vore ein auke i langtidsmottakarane, var det berre 10 prosent av alle sosialhjelpsmottakarane som fekk stønad gjennom heile året. Av desse utgjorde einslege menn heile 44 prosent, medan einslege med barn berre utgjorde 9 prosent.

Delen sosialhjelpstilfelle høgast i Finnmark

Det er store fylkesvise skilnader i delen stønadstilfelle i forhold til folketalet. Finnmark har sidan 1998 hatt den høgaste delen sosialhjelpstilfelle per innbyggjar. Fram til 1998 hadde Oslo lenge vore det fylke med flest sosialhjelpstilfelle per innbyggjar, men i 1998 endra dette seg og Finnmark fekk den største delen med 47 tilfelle per 1 000 innbyggjarar, medan Oslo hadde 44 tilfelle. Sidan 1998 har begge fylka hatt ein jamn nedgang, og i dag har dei to fylka høvesvis 45 og 37 tilfelle per 1 000 innbyggjarar.

Akershus og Sogn og Fjordane har i same periode vore dei fylka med færrast sosialhjelpstilfelle i forhold til folketalet, med 22 tilfelle per 1 000 innbyggjarar i 1998, mot 21 og 25 tilfelle i 2001. Sogn og Fjordane fekk i 2001 følgje med Møre og Romsdal, med 25 tilfelle per 1 000 innbyggjarar. Delen sosialhjelpstilfelle auka òg med innbyggjartalet i kommunen. Kommunar med over 50 000 innbyggjarar har i gjennomsnitt 34 tilfelle per 1 000 innbyggjarar, medan tilsvarande tall for kommunar med under 5 000 innbyggjarar er 28 tilfelle.

Brutto utbetalt økonomisk sosialhjelp. 1986-2001. Millionar 2001-kroner

Mest utbetalt i Oslo

Det er også store regionale forskjellar i nivået på gjennomsnittleg årleg stønadsbeløp. Oslo har det klart høgaste stønadsnivået, med eit gjennomsnitt på 46 600 kroner per tilfelle. Dette er nesten 12 800 kroner eller 27 prosent meir enn det neste fylket, som er Hordaland med 33 800 kroner per tilfelle. Finnmark hadde òg i 2001 det lågaste gjennomsnittlege stønadsnivået, med 20 400 kroner per tilfelle.

Det er òg nær samanheng mellom kommunestorleik og stønadsnivå. Stønadsnivået er høgast i dei mest folkerike kommunane. Medan gjennomsnittleg stønad per tilfelle i kommunar med over 50 000 innbyggjarar var 39 000 kroner i 2001, var det tilsvarande talet for kommunar med under 5 000 innbyggjarar 20 900 kroner.

Tabeller: