21636_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/soshjelpk/arkiv
21636
6 300 færre mottar sosialhjelp
statistikk
2000-09-27T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
soshjelpk, Økonomisk sosialhjelp, sosialhjelpsmottakere, sosialhjelpsytelser, kvalifiseringsprogram, stønadssituasjon, sosialtjenesten, stønadstid, stønadstilfeller, stønadstype (bidrag, lån), personell i sosialtjenesten (for eksempel sosionomer, barnevernspedagoger, kontoransatte), driftsutgifterSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Trygd og stønad, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Økonomisk sosialhjelp1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

6 300 færre mottar sosialhjelp

Talet på sosialhjelpsmottakarar gjekk ned frå om lag 132 500 klientar i 1998 til litt over 126 200 i 1999. Dette er ein nedgang på nesten 5 prosent, eller om lag 6 300 personar, frå året før. Talet på mottakarar av sosialhjelp har ikkje vore lågare sidan 1987. Totalt blei 3,8 milliardar kroner utbetalt til sosialhjelp i fjor.

 Tal på sosialhjelpsklientar. 1987-1999

Nedgangen i talet på sosialhjelpsklientar, som byrja på midten av 1990-talet, heldt fram i 1999. Etter toppåret i 1994, då over 166 000 personar tok imot sosialhjelp, har nedgangen i talet på sosialhjelpsmottakarar vore stabil. Medan det i 1998 blei registrert om lag 132 500 sosialhjelpsmottakarar, blei dette redusert til 126 200 mottakarar i 1999. Dette talet syner kor mange som tok imot hjelp i året. Ser ein på tala på mottakarar av sosialhjelp ved utgangen av året, har dei gått ned frå i overkant av 53 000 personar i 1998 til litt under 52 000 personar i 1999.

Auka beløp

I fjoråret blei det i alt utbetalt 3,8 milliardar kroner i sosialhjelp. Dette gir ein auke på om lag 5 millionar kroner, eller 0,1 prosent samanlikna med året før (omrekna i faste prisar). Gjennomsnittleg årleg sosialhjelpsyting per mottakar var i fjor 30 300 kroner, eller litt over 6 100 kroner per månad med hjelp. Dei tilsvarande tala for 1998 var 28 200 og 5 600 kroner. Det månadlege sosialhjelpsnivået gjekk dermed opp med 9 prosent, medan det årlege stønadsbeløpet auka med 7 prosent.

202 000 personar forsørgde av sosialhjelp

Legg ein saman talet på sosialhjelpsmottakarar med ektefelle og barn under 18 år som blei forsørgde av sosialhjelp i fjor, utgjorde dette om lag 202 000 personar, eller 4,5 prosent av heile befolkninga. Tilsvarande tal frå 1998 var om lag 215 000 personar, eller 4,9 prosent av befolkninga. I alt var det rundt 5 000 færre barn under 18 år som blei forsørgde av sosialhjelpsmottakarar i fjor enn året før (58 000 i 1999 mot 63 000 i 1998).

Færre gjengangarar

Særleg er det nedgang i talet på gjengangarar i sosialhjelpsordninga som utgjer den store reduseringa i mottakartalet. Medan det i åra 1997 og 1998 var høvesvis 98 000 og 89 000 personar som òg hadde teke imot sosialhjelp året føre, var det i 1999 81 000 personar som òg fekk sosialhjelp i 1998. Talet på nye klientar eller klientar som ikkje tok imot sosialhjelp året før, gjekk utan avbrot ned frå 1989 til 1998, men auka litt i 1999. I 1989 var det 69 000 nye klientar, i 1999 var dette talet 45 000. Nedgangen i talet på sosialhjelpsmottakarar i år kjem derfor av at avgangen av gjengangarar i klientmassen er større enn tilveksten av nye klientar.

Nedgang blant langtidsmottakarane

Medan talet på langtidsbrukarar av sosialhjelp auka til og med 1996, der over 41 prosent av alle mottakarane hadde sosialhjelp i 6 månader eller meir, blei dette snudd til nedgang i 1997. I 1999 gjekk talet på langtidsmottakarar ned til om lag 37 prosent frå nær 38 prosent året før. Talet på klientar som tek imot stønad gjennom heile året har òg gått ned, i 1999 var vel 11 200 sosialhjelpsmottakarar heilårsklientar, mot 12 400 i 1998 og over 14 000 i 1997.

Nedgangen i talet på langtidsmottakarar gjer at gjennomsnittleg stønadstid går ned. I 1999 var stønadstida 4,9 månader, mot 5,0 året før. Det tilsvarande talet for 1997 var 5,1 månader.

Størst nedgang blant yngre

Det er blant dei yngre aldersgruppene ein finn den største nedgangen i talet på sosialhjelpsmottakarar på slutten av 1990-talet. Medan det i 1998 var 22 300 klientar mellom 20 og 24 år, var det tilsvarande talet i fjor om lag 20 800. Dette utgjer om lag 7 prosent av befolkninga mellom 20-24 år, mot 8 prosent i 1998. Tilsvarande tal frå 1994 var 11 prosent.

Talet på stønadsmottakarar i aldersgruppene 40 år og eldre gjekk litt ned i 1997 etter å ha vore stabilt i ei årrekkje. I forhold til befolkninga er talet på klientar markert lågare i dei eldste aldersgruppene enn i dei yngste. I 1999 var det godt under 1 prosent av befolkninga 67 år og eldre som tok imot sosialhjelp.

Det har vore ein svak auke i talet på klientar som har gitt opp arbeidsinntekt som viktigaste inntektskjelde. I 1999 og 1998 gjaldt dette litt over 12 prosent av mottakarane, etter at dette har lege stabilt på om lag 11 prosent sidan 1993. Talet på mottakarar som har trygd eller pensjon som viktigaste kjelde til livsopphald, har gått ned gjennom heile 1990-talet; medan dette gjaldt 45 prosent av mottakarane i 1990, var det tilsvarande talet i fjor 34 prosent. Det ser derimot ut til at klientane i aukande grad blir avhengige av sosialhjelp som inntektskjelde, talet på sosialhjelpsmottakarar som gir opp å ha sosialhjelp som hovudinntektskjelde har stege utan avbrot sidan 1988. I 1988 gjaldt dette 27 prosent av klientane, mot 43 i prosent i 1995 og 46 prosent i 1999.

Delen sosialhjelpstilfelle høgast i Finnmark

Dei fylkesvise forskjellane i talet på stønadstilfelle i høve til folketalet er store. Oslo har lenge vore på toppen med høgast tal på stønadstilfelle. I fjor fekk 20 800 personar sosialhjelp i Oslo.

I 1998 hadde Oslo 44 stønadstilfelle per 1 000 innbyggjarar, i 1999 sank talet til 41 tilfelle. Høgast del stønadstilfelle i fjor hadde Finnmark, med 45 tilfelle per 1 000 innbyggjarar. Finnmark hadde òg ein nedgang frå året før, frå ein del på 47 tilfelle i 1998, men nedgangen har altså vore større for Oslo.

Akershus hadde færrast sosialhjelpstilfelle i høve til folketalet, med 22 tilfelle per 1 000 innbyggjarar. Delen sosialhjelpstilfelle aukar med innbyggjartalet i kommunane. Kommunar med over 50 000 innbyggjarar har i gjennomsnitt 35 tilfelle per 1 000 innbyggjarar, mens tilsvarande tal for kommunar med under 20 000 innbyggjarar er 27 tilfelle.

Høgast stønadsnivå i Oslo

Dei regionale forskjellane i nivået på gjennomsnittleg årleg stønadsbeløp er òg store. Klart høgast stønadsnivå har Oslo med eit gjennomsnitt på 42 400 kroner per tilfelle. Dette er nesten 10 000 kroner eller 33 prosent meir enn neste fylke som er Akershus med 32 000 kroner per tilfelle. Finnmark hadde òg i 1999 det lågaste gjennomsnittlege stønadsnivået, med 17 800 kroner per tilfelle.

Det er nær samanheng mellom kommunestorleik og stønadsnivå. Nivået på stønaden er høgast i dei mest folkerike kommunane. Medan gjennomsnittleg stønad per tilfelle i kommunar med over 50 000 innbyggjarar var 35 100 kroner i 1999, var det tilsvarande talet for kommunar med under 5 000 innbyggjarar 17 200 kroner. Sosialhjelpa er òg meint å dekkje bukostnader til klientane. Høge bukostnader i tettfolka kommunar medverkar til høgare sosialhjelpsnivå i desse kommunane.

Tabeller: