13455_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/bave_statres/aar
13455
Fleire årsverk i det statlege barnevernet
statistikk
2008-10-30T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
bave_statres, Statleg barnevern - StatRes (opphørt), statleg barnevern, barnevernsinstitusjonar, fosterheimar, driftsutgifter, barnevernstiltak, oppholdsdagar, barne-, ungdoms- og familieetaten, Bufetat, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, førskolelærarar)Barne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Statleg barnevern - StatRes (opphørt)2007

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire årsverk i det statlege barnevernet

Nye tal viser at det var registrert 3 740 årsverk i det statlege barnevernet ved utgangen av 2007, mot 3 438 årsverk i 2006. Dette er vel 300 fleire årsverk enn året før, og ein auke på 8,8 prosent. Det blei brukt om lag 4,5 milliardar kroner til det statlege barnevernet i 2007, 5 prosent meir enn i 2006.

Bortsett frå store endringar i talet på årsverk er det ikkje endringar frå dei førebels tala som blei publiserte i april.

Framleis er det ein plass i barnevernsinstitusjon som kostar mest av barnevernstiltaka, og vel 2,9 milliardar kroner blei brukt til institusjonsplassar i 2007. Utgiftene til barnevernsinstitusjonsplassar har likevel berre auka med nær 1 prosent frå 2006 til 2007. Til samanlikning auka utgiftene til fosterheimar i statleg regi og til heimebaserte tiltak med respektive 18 og 10 prosent siste år.

Nær 11 500 opphald i statlege tiltak

Statistikken gir også tal på opphald og behandlingsdagar i statlege barnevernstiltak. Talet på opphald i statlege barnevernstiltak viser ein auke på 5 prosent, frå vel 10 900 opphald i 2006 til nær 11 500 i 2007. Også her er den prosentvise auken størst for fosterheimar og heimebaserte tiltak, med respektive 6 og 10 prosent, medan talet på opphald i barnevernsinstitusjonar auka med under 1 prosent.

Over 1 million behandlingsdagar

Det var i alt registrert over 1 million behandlingsdagar i statlege barnevernstiltak i 2007. Dette var nær 30 700 fleire behandlingsdagar enn året før, og ein auke på 3 prosent. Talet på behandlingsdagar i barnevernsinstitusjonar går framleis ned. Det var registrert 537 800 behandlingsdagar i barnevernsinstitusjonar i 2007, som er 17 000 færre enn året før, og ein nedgang på 3 prosent. Talet på behandlingsdagar i fosterheimar og heimebaserte tiltak har derimot auka med respektive 10 og 8 prosent siste år.

Vel 5 450 kroner per dag

Barnevernsinstitusjonar er den klart mest kostnadskrevjande tenesta i det statlege barnevernet. Førebels tal viser at driftsutgifter per opphald i statlege barnevernstiltak ligg på tilnærma same nivå i 2007 som året før, 396 400 kroner i 2007 mot 396 600 kroner i 2006. Driftsutgifter per behandlingsdag i barnevernsinstitusjonar steig likevel frå nær 5 250 kroner i 2006 til vel 5 450 kroner i 2007, ein auke på 4 prosent siste år.

Nye tal for årsverk

Det er innrapportert nye tal for årsverk frå Region Sør, Region Midt-Noreg og Trondheim kommune. For Region Sør er også talet på årsverk i 2006 blitt endra. Dei fem regionane (minus Oslo og Trondheim) hadde til saman 305 fleire årsverk i 2007 enn i 2006, ein auke på 10 prosent. Lønnskostnadene for dei same fem regionane auka i same periode frå nær 1,8 milliardar i 2006 til 1,95 milliardar i 2007, som er ein auke på 8,6 prosent. Dette kan tyde på at veksten i talet på årsverk truleg no er meir riktig enn det som tidlegare er blitt rapportert inn og publisert som førebels tal.