13396_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barnevernp/aar
13396
Fleire stillingar i barnevernet
statistikk
2007-09-05T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barnevernp, Barnevernspersonell, kommunalt barnevern, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, kontorpersonell), ledige stillingarBarne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernspersonell2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire stillingar i barnevernet

Det var i alt registrert 3 039 stillingar i barnevernet ved utgangen av 2006. Dette er 106 fleire enn året før, og ein auke på 3,6 prosent. Til samanlikning var auken frå 2004 til 2005 på 2,5 prosent.

Ser ein talet på tilsette i høve til talet på barn under 18 år, var det i 2006 2,8 årsverk per 1 000 barn, mot 2,7 i 2005. Kommunane i Telemark, Nordland og Troms har hatt størst auke i talet på stillingar målt i høve til talet på barn 0-17 år. Berre i Østfold og Vest-Agder har talet på stillingar i høve til talet på barn under 18 år gått ned.

Fleire har utdanning

Fleire tilsette har no fagutdanning. Barnevernspedagogar og sosionomar, som er dei to største gruppene, tel no 44 og 35 prosent av alle tilsette, mot 39 og 37 prosent i 2000. I tillegg hadde 10 prosent anna høgskule- eller universitetsutdanning. Det var i alt 96 ledige stillingar/årsverk ved utgangen av 2006, mot 88 året før.

Tabeller: