13398_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barnevernp/aar
13398
Auke i talet på stillingar
statistikk
2006-09-19T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barnevernp, Barnevernspersonell, kommunalt barnevern, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, kontorpersonell), ledige stillingarBarne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernspersonell2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i talet på stillingar

Talet på tilsette i det kommunale barnevernet auka det siste året. Det var i alt registrert 2 933 stillingar/årsverk ved utgangen av 2005. Dette er 72 fleire enn året før og ein auke på 2,5 prosent. Auken frå 2003 til 2004 var til samanlikning på 0,6 prosent. Går vi enda eitt år attende finn vi ein vekst på 2 prosent.

Ser ein talet på tilsette i høve til barn under 18 år, var det i 2005 2,7 årsverk per 1 000 barn, mot 2,6 i 2004 og 2003. I Oslo kommune, som for to år sidan reduserte talet på bydelar frå 25 til 15, er talet på tilsette i løpet av dei to åra redusert med 22,5 årsverk. Oslo ligg likevel framleis klart over landsgjennomsnittet med 3,4 årsverk per 1 000 barn 0-17 år.

Fleire tilsette har no fagutdanning. Barnevernspedagogar og sosionomar, som er dei to største gruppene, auka med 24 og 28 stillingar/årsverk det siste året. I tillegg auka gruppa av personar med anna høgskule-/universitetsutdanning med 28 stillingar/årsverk det siste året. Desse tre gruppene fyller no 88 prosent av alle stillingane i den kommunale barneverntenesta, mot 83 prosent i 1995. Det var i alt 88 ledige stillingar/årsverk ved utgangen av 2005, mot 81 året før.

Tabeller: