13400_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barnevernp/aar
13400
Veksten har stagnert
statistikk
2005-08-16T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barnevernp, Barnevernspersonell, kommunalt barnevern, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, kontorpersonell), ledige stillingarBarne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernspersonell2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Veksten har stagnert

Veksten i talet på tilsette i det kommunale barnevernet har stagnert. Det var i alt registrert 2 861 stillingar/årsverk ved utgangen av 2004. Dette er 18 fleire enn året før, og ein auke på 0,6 prosent. Auken frå 2002 til 2003 var til samanlikning på 2 prosent. Går vi enda eitt år attende finn vi ein vekst på 3,1 prosent.

Ser ein talet på tilsette i høve til barn under 18 år, er nivået det same som dei tre siste åra, det vil seia 2,6 årsverk per 1 000 barn. I Oslo kommune, som siste år reduserte talet på bydelar frå 25 til 15, er talet på tilsette redusert med nær 20 årsverk frå året før. Oslo ligg likevel framleis klart over landsgjennomsnittet med 3,5 årsverk per 1 000 barn 0-17 år.

Fleire tilsette har no fagutdanning. Barnevernspedagogar og sosionomar, som er dei to største gruppene, tel no 43 og 35 prosent av alle tilsette, mot 39 og 37 prosent i 2000. I tillegg hadde 10 prosent anna høgskule- eller universitetsutdanning. Det var i alt 81 ledige stillingar/årsverk ved utgangen av 2004, om lag same tal som året før.

Tabeller: