13404_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barnevernp/aar
13404
3 prosent fleire tilsette i barnevernet
statistikk
2003-07-03T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barnevernp, Barnevernspersonell, kommunalt barnevern, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, kontorpersonell), ledige stillingarBarne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernspersonell2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

3 prosent fleire tilsette i barnevernet

Det var i alt registrert 2 786 årsverk i den kommunale barnevernstenesta i 2002. Dette er 83 fleire årsverk enn året før, og ein auke på 3,1 prosent. Auken frå 2000 til 2001 var til samanlikning på 117 årsverk, eller 4,5 prosent.

Årsverk i den kommunale barnevernstenesta per 1 000 innbyggjarar 0-17 år. Fylke. 2001 og 2002

Ser ein talet på tilsette i høve til barn under 18 år, har nivået siste året auka frå 2,5 til 2,6 årsverk per 1 000 barn. Eit anna sentralt utviklingstrekk er at stadig fleire tilsette har fagutdanning.

Framleis store skilnader mellom fylka

Talet på tilsette i barnevernet i høve til talet på barn under 18 år, viser eit landsgjennomsnitt på 2,6 årsverk per 1 000 barn, mot 2,5 året før. Best bemanning finn ein i Oslo med 3,8 årsverk per 1 000 barn under 18 år. På dei neste plassane ligg Vest-Agder, Telemark og Østfold med 3,2, 3,1 og 3,0 tilsette. Lågast bemanning hadde Nord-Trøndelag med 1,7, og Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som begge hadde 1,9 per 1 000 barn. Oppland hadde òg få tilsette i barnevernet i høve til barnetalet.

Oslo har best bemanning

Av storbyane har Oslo best bemanning med 3,8 årsverk per 1 000 barn under 18 år. Trondheim og Bergen hadde til samanlikning 3,3 og 3,0. Av dei fire storbyane ligg Stavanger lågast med 2,8, men alle fire ligg klårt over landsgjennomsnittet på 2,6 årsverk per 1 000 barn.

Fleire har fagutdanning

Talet på sosionomar og barnevernspedagogar har auka kvart år sidan 1993. Av desse to yrkesgruppene er det barnevernspedagogane som har hatt den klart største auken i denne perioden. Dei har sidan 1999 utgjort den største faggruppa innan barnevernet. På ti år har talet på barnevernspedagogar stige med i alt 518 årsverk, eller 83 prosent. Talet på sosionomar har i same tiårsperiode auka med 206 årsverk, eller 26 prosent. Gruppa av tilsette med anna høgskule- eller universitetsutdanning har derimot gått ned etter 1993 med i alt 68 årsverk, eller minus 20 prosent.

Barnevernspedagogar og sosionomar utgjer no, i nemnde rekkjefølgje, 41 og 36 prosent av alle tilsette i det kommunale barnevernet. Av alle tilsette i barnevernet har no 87 prosent utdanning på høgskulenivå. Talet på ufaglærte har dei siste ti åra gått ned med i alt 78 årsverk, til 104 årsverk i 2002. Det var likevel ein auke siste år på 6,7 årsverk.

112 ledige stillingar

Ved utgangen av 2002 stod 112 stillingar ledige i det kommunale barnevernet. Dette er om lag same tal som året før. Ved utgangen av 2002 var 4 prosent av alle budsjetterte stillingar ledige.

Tabeller: