13406_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barnevernp/aar
13406
4,5 prosent fleire tilsette i barnevernet
statistikk
2002-07-02T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barnevernp, Barnevernspersonell, kommunalt barnevern, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, kontorpersonell), ledige stillingarBarne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernspersonell2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4,5 prosent fleire tilsette i barnevernet

Det var i alt registrert 2 704 årsverk i den kommunale barnevernstenesta i 2001. Dette er 117 fleire årsverk enn året før, og ein auke på 4,5 prosent. Auken frå 1999 til 2000 var til samanlikning på 62 årsverk, eller 2,5 prosent.

Ser ein talet på tilsette i høve til barn under 18 år, har nivået siste år auka frå 2,4 til 2,5 årsverk per 1 000 barn. Eit anna sentralt utviklingstrekk er at stadig fleire av dei tilsette har fagutdanning.

Det var talet på barnevernspedagogar som auka mest siste år, med i alt 88 årsverk. Dette er ein auke på 8,6 prosent samanlikna med året før.

Årsverk i den kommunale barnevernstenesta per 1 000 innbyggjarar 0-17 år, etter fylke. 2000 og 2001

Fleire har fagutdanning

Talet på sosionomar og barnevernspedagogar har auka kvart år sidan 1995. Av desse to yrkesgruppene er det barnevernspedagogane som har hatt den klart største auken i denne perioden, og dei er no den største faggruppa innanfor barnevernet. Frå 1995 til i dag har talet på barnevernspedagogar stige med i alt 338 årsverk. Talet på sosionomar har i same periode auka med 99 årsverk. Gruppa av tilsette med anna høgskule-/universitetsutdanning har derimot gått ned etter 1995 med i alt 38 årsverk, trass i ein auke på 15 årsverk siste år.

Barnevernspedagogar og sosionomar har no, i nemnde rekkjefølgje, 41 og 36 prosent av alle tilsette i det kommunale barnevernet. Av alle tilsette i barnevernet har no 87 prosent utdanning på høgskulenivå. Talet på ufaglærte har frå 1995 gått ned med i alt 45 årsverk, til 97 årsverk i 2001. Nedgangen siste år var på 4,2 årsverk.

Framleis store skilnader mellom fylka

Talet på tilsette i barnevernet i høve til talet på barn under 18 år, viser eit landsgjennomsnitt på 2,5 årsverk per 1 000 barn, mot 2,4 året før. Best bemanning finn ein i Oslo med 3,7 årsverk per 1 000 barn under 18 år. På dei neste plassane ligg Vest-Agder og Østfold med 3,3 og 3,2 tilsette. Lågast bemanning hadde Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag, alle med 1,8 per 1 000 barn. Oppland hadde òg få tilsette i barnevernet i høve til barnetalet.

Færre ledige stillingar

Ved utgangen av 2001 stod 107 stillingar ledige i det kommunale barnevernet. Dette er 22 færre årsverk enn året før. Ved utgangen av 2001 var 4 prosent av alle budsjetterte stillingar ledige.

Tabeller: