31987_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
31987
Konsumprisvekst i EØS på 2,3 prosent
statistikk
2004-06-16T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksmai 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Konsumprisvekst i EØS på 2,3 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for EØS var i mai 115,5 (1996=100). 12-månadersveksten i EØS-området var 2,3 prosent i mai. HKPI for Noreg gjekk opp med 1,0 prosent i same periode.

Landa som inngår i Eurosona hadde i mai ein totalindeks på 115,9. Veksten i konsumprisane i Eurosona frå mai 2003 til mai 2004 var på førehand estimert av Eurostat til 2,5 prosent, noko som viste seg å bli den faktiske prisveksten.

I Noreg var totalindeksen for mai 117,0 som er ein oppgang på 0,1 prosent frå april. 12-månadersveksten i HKPI for Noreg auka frå 0,4 prosent i april til 1,0 prosent i mai.

For meir informasjon , sjå Eurostats " News Release ".

Harmonisert konsumprisindeks for
Noreg og andre utvalde land.
Endring i prosent
  Mars 2003-
mars 2004
April 2003-
april 2004
Mai 2003-
mai 2004
Noreg -0,4 0,4 1,0
Island 1,0 1,5 2,4
Sverige 0,4 1,1 1,5
Danmark 0,4 0,5 1,1
Finland -0,4 -0,4 -0,1
Tyskland 1,1 1,7 2,1
Storbritannia 1,1 1,2 1,5
EøS 1,5 1,8 22,3
EU 1,5 1,8 22,3
Eurosona 1,7 2,0 22,5
USA1 1,7 ... ...
Japan1 ... ... ...
1  Nasjonal konsumprisindeks.
2  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.