32011_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32011
Konsumprisvekst i EØS på 2,0 prosent
statistikk
2003-12-17T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksnovember 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Konsumprisvekst i EØS på 2,0 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for EØS var i november 113,7 (1996=100). 12-månadersveksten i EØS-området var 2,0 prosent i november. I Noreg var 12-månadersveksten 1,5 prosent.

Landa som inngår i eurosona, hadde i november ein totalindeks på 113,9. Frå november 2002 til november 2003 steig HKPI for eurosona med 2,2 prosent, opp frå 2,0 prosent i oktober.

I Noreg var totalindeksen for november 116,4 som er ein oppgang på 0,3 prosent frå oktober. 12-månadersveksten i HKPI for Noreg fall frå 1,6 prosent i oktober til 1,5 prosent i november.

For meir informasjon , sjå Eurostats " News Release ".

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  September 2002- september 2003 Oktober 2002- oktober 2003 November 2002- november 2003
Noreg 1,9 1,6 1,5
Island 1,2 1,1 1,5
Sverige 2,3 2,0 2,0
Danmark 1,7 1,1 1,4
Finland 1,2 0,9 1,2
Tyskland 1,1 1,1 1,3
Storbritannia 1,4 1,4 1,3
EøS 2,0 2 , 31,9 32,0
EU 2,0 2 , 31,9 32,0
Eurosona 2,2 32,0 32,2
USA1 2,3 2,0 1,8
Japan1 -0,2 0,0 ...
1  Nasjonal konsumprisindeks.
2  Reviderte tal.
3  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.