32027_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32027
Lågere konsumprisvekst i Noreg enn i EØS
statistikk
2003-08-19T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksjuli 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågere konsumprisvekst i Noreg enn i EØS

Førebels harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for EØS var i juli 112,9 (1996=100). 12-månadersveksten i EØS-området var 1,8 prosent i juli. I Noreg var 12-månadersveksten 1,2 prosent.

Landa som inngår i eurosona hadde i juli ein estimert totalindeks på 113,1. Frå juli 2002 til juli 2003 steig HKPI for eurosona med 1,9 prosent, ned frå 2,0 prosent i juni.

I Noreg var totalindeksen for juli 115,1, som er ein nedgang på 0,3 prosent frå juni. 12-månadersveksten i HKPI for Noreg fall frå 1,5 prosent i juni til 1,2 prosent i juli.

På grunn av feil i den nederlandske konsumprisindeksen tilbake til juni 2002 er tala for EØS, EU og Eurosona førebelse fra juni 2002 til juni 2003 og estimerte for juli 2003.

For meir informasjon , sjå Eurostats " News Release ".

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Mai 2002-mai 2003 Juni 2002-juni 2003 Juli 2002-juli 2003
Noreg 1,8 1,5 1,2
Island 1,8 1,3 0,9
Sverige 2,0 2,0 2,4
Danmark 2,1 2,0 1,8
Finland 1,1 1,2 1,0
Tyskland 0,6 0,9 0,8
Storbritannia 1,2 1,1 1,3
EøS 1,8* 1,8* 1,8e
EU 1,8* 1,8* 1,8e
Eurosona 1,9* 2* 1,9e
USA1 2,1 2,1 2,1
Japan1 -0,2 -0,4 ...
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.