32035_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32035
Konsumprisane i EØS opp 1,8 prosent
statistikk
2003-06-18T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksmai 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Konsumprisane i EØS opp 1,8 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for EØS var i mai 113,0 (1996=100). 12-månadersveksten i EØS-området var 1,8 prosent i mai, det same som i Noreg.

Landa som inngår i eurosona hadde i mai ein totalindeks på 113,2. Frå mai 2002 til mai 2003 steig HKPI for eurosona med 1,9 prosent, ned frå 2,1 prosent i april.

I Noreg var totalindeksen for mai 115,8, som er ein nedgang på 0,5 prosent frå april. 12-månadersveksten i HKPI for Noreg fall frå 2,5 prosent i april til 1,8 prosent i mai.

For meir informasjon , sjå Eurostats " News Release ".

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre
utvalde land. Endring i prosent
  Mars 2002-mars 2003 April 2002-april 2003 Mai 2002-mai 2003
Noreg 3,2 2,5 1,8
Island 1,9 1,9 1,8
Sverige 2,9 2,3 2,0
Danmark 2,8 2,5 2,1
Finland 1,9 1,3 1,1
Tyskland 1,2 1,0 0,6
Storbritannia 1,6 1,5 1,2
EøS 2,3 2,02 1,8*
EU 2,3 2,02 1,8*
Eurosona 2,4 2,1 1,9*
USA1 3,0 2,2 2,1
Japan1 -0,1 -0,1 ...
1  Nasjonal konsumprisindeks.
2  Reviderte tal.
*  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.