32075_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32075
Konsumprisvekst i EØS på 1,8 prosent
statistikk
2002-08-19T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksjuli 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Konsumprisvekst i EØS på 1,8 prosent

Totalindeksen for EØS-området var i juli 111,1 (1996=100), ein nedgang på 0,2 prosent frå juni. 12-månadersveksten var 1,8 prosent samanlikna med 1,6 prosent for juni.

Landa som inngår i eurosona hadde ein totalindeks på 111,3 i juli. Det var ein nedgang på 0,2 prosent frå juni. 12-månadersveksten i juli var på 1,9 prosent, opp frå 1,8 prosent i juni.

I Noreg var totalindeksen for juli 113,7, som er ein nedgang på 0,1 prosent frå juni. Frå juli 2001 til juli 2002 steig HKPI med 1,2 prosent.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land.
Endring i prosent
  Juni 2002-juli 2002 Mai 2001-mai 2002 Juni 2001-juni 2002 Juli 2001-juli 2002
Noreg -0,1 -0,4 -0,4 1,2
Island 0,2 6,0 4,7 4,0
Sverige -0,5 1,7 1,7 1,8
Danmark -0,4 1,9 2,2 2,2
Finland -0,4 1,8 1,5 2,0
Tyskland 0,3 1,0 0,7 1,0
Storbritannia -0,3 0,8 0,6 1,1
EøS -0.2* 1,8 1,6 1.8*
EU -0.2* 1,8 1,6 1.8*
Eurosona -0.2* 2,0 1,8 1.9*
USA1 0,2 1,2 1,1 1,5
Japan1 ... -0,9 -0,7 ...
*  Førebels tall.
1  Nasjonal konsumprisindeks.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.