32095_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32095
Konsumprisane i EØS opp 2,3 prosent
statistikk
2002-03-18T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksfebruar 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Konsumprisane i EØS opp 2,3 prosent

Totalindeksen for EØS-området var i februar 110,1 (1996=100). Dette er ein oppgang på 0,2 prosent frå januar. 12-månadersveksten (endring frå same månad året før) var 2,3 prosent mot 2,5 prosent i januar.

Landa som inngår i eurosona hadde ein totalindeks på 110,2 i februar. Det var ein oppgang på 0,1 prosent frå januar. 12-månadersveksten i februar var på 2,4 prosent, ned frå 2,7 prosent i januar.

I Noreg var totalindeksen for februar 113,3 som er ein oppgang på 0,4 prosent frå januar. 12-månadersveksten fall frå 0,9 prosent i januar til 0,4 prosent i februar.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land
  Januar-februar 2002 Endring i prosent
  Desember 2000-desember 2001 Januar 2001-januar 2002 Februar 2001- februar 2002
Noreg 0,4 1,6 0,9 0,4
Island -0,2 9,1 9,8 9,5
Sverige 0,3 3,2 2,9 2,7
Danmark 0,4 2,1 2,5 2,4
Finland 0,3 2,3 2,9 2,5
Tyskland 0,2 1,5 2,3 1,8
Storbritannia2 0,2 1,0 1,6 1,5
EøS 0,2 1,9 2,5 2,3
EU 0,1 1,9 2,5 2,3
Eurosona 0,1 2,0 2,7 2,4
USA1 ... 1,6 1,1 ...
Japan1 ... -1,2 -1,4 ...
1  Nasjonal konsumprisindeks.
2  Nye tall er lagt til 20.03.02.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.