32097_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32097
Låg 12-månadersvekst
statistikk
2002-03-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksfebruar 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låg 12-månadersvekst

12-månadersveksten i den harmoniserte konsumprisindeksen (HKPI) for Noreg fall frå 0,9 prosent i januar til 0,4 prosent i februar. I februar 2002 var HKPI 113,3 (1996=100). 12-månadersveksten i EØS-området var 2,5 prosent i januar.

Fallet i 12-månadersveksten i HKPI for Noreg, frå 0,9 prosent i januar til 0,4 prosent i februar, kjem av ein kombinasjon av fleire faktorar. Dei viktigaste bidragsytarane er prisutviklinga på bensin, elektrisitet og husleiger.

Frå januar til februar steig HKPI med 0,4 prosent. Oppgangen kjem av ein prisauke på klede, skotøy og møblar som ei følgje av januarsalet, samt høgare prisar på bensin, nokre matvarer og helsetenester. Reduserte husleiger for bustader i partslag og på leiemarknaden og lågare prisar på elektrisitet medverka til å dempe prisoppgangen. Sjå artikkel om konsumprisindeksen for februar for fleire detaljar.

Prisendring frå desember til januar i EØS-området

HKPI for heile EØS-området var 109,9 i januar, ein oppgang på 0,3 prosent frå desember. Prisane i Tyskland og Island auka mest i perioden desember 2001 til januar 2002 med respektive 1,0 og 0,9 prosent. Den største nedgangen var registrert i Belgia og Luxembourg med 0,9 og 0,7 prosent.

Storparten av landa i EØS-området opplevde ein sesongmessig nedgang i prisane på klede og skotøy. Belgia skilte seg likevel ut med ein kraftig nedgang på 14 prosent på skotøy og over 20 prosent på klede. Dei største endringane i elektrisitetsprisane var notert i Irland og Noreg. Prisane på matvarer auka i alle EØS-landa, og det var først og fremst prisane på grønsakar som opplevde ein markant oppgang frå desember til januar. Prisauka på grønsaker var spesielt kraftig i Belgia, Hellas og Tyskland med ein oppgang på omkring 20 prosent. Det har vore ein nedgang i gruppa transporttenester i EØS-området frå desember 2001 til januar 2002, hovudsakeleg som ein følgje av sterkt reduserte prisar på flybillettar i enkelte land. Særlig har Belgia og England hatt ein markant reduksjon i prisane på flybillettar.

12-månadersveksten i EØS-området

Konsumprisane i EØS-området har samla sett stige med 2,5 prosent frå januar 2001 til januar 2002. Island skilte seg klart ut med ein 12-månadersvekst på 9,8 prosent. Irland, Nederland og Hellas var også registrert med høge prisvekstar på respektive 5,2, 4,9 og 4,8 prosent. Dei lågaste 12-månadersvekstane var notert i Noreg og England med 0,9 og 1,6 prosent. 12-månadersveksten for EU samla sett var 2,5 prosent. I samanheng med innføringa av EURO per 1. januar 2002 har det vore mykje oppsikt knyta til prisveksten i Eurosona. Det var på førehand estimert av Eurostat ein 12-månadersvekst på 2,5 prosent i Eurosona frå januar 2001 til januar 2002. Den verkelege prisveksten var 2,7 prosent.

Med unntak av Noreg vart det registrert auke i prisane på matvarer i alle EØS-landa dei siste 12 månadene. Mykje av årsaka kan forklarast med ein sterk vekst i prisane på frukt og grønsaker. Frå januar 2001 til januar 2002 har EØS-området hatt ein sterk reduksjon i prisane på flytande brensel med om lag 12 prosent. Særleg utmerka Luxembourg og Irland seg med ein nedgang på over 20 prosent. Prisane på elektrisitet gjekk opp frå januar i fjor til januar i år, der Sverige og Noreg står for dei største prisoppgangane. Bensinprisane har vist ei negativ utvikling i alle EØS-landa, med unntak av Island.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land
  Desember 2001-januar 2002 Endring i prosent
  Desember 2000-desember 2001 Januar 2001-januar 2002 Februar 2001-februar 2002
Noreg 0,1 1,6 0,9 0,4*
Island 0,9 9,1 9,8  
Sverige -0,6 3,2 2,9  
Danmark 0,2 2,1 2,5  
Finland 0,5 2,3 2,9  
Tyskland 1,0 1,5 2,3  
Storbritannia -0,4 1,0 1,6  
EøS 0,3 1,9 2,5  
EU 0,3 1,9 2,5  
Eurosona 0,5 2,0 2,7  
USA1 0,1 1,6 1,1  
Japan1 ... -1,2 ...  
1  Nasjonal konsumprisindeks.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.