32127_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32127
Konsumprisane i EØS opp 2,8 prosent
statistikk
2001-07-18T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksjuni 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Konsumprisane i EØS opp 2,8 prosent

Totalindeksen for EØS-området var i juni 109,6 (1996=100). Dette er ein oppgang på 0,1 prosent frå mai. Frå juni 2000 til juni i år (12-månadersveksten) auka prisane med 2,8 prosent. 12-månadersveksten i mai var på 3,1 prosent.

Landa som inngår i den europeiske monetære union (EMU) hadde ein totalindeks på 109,5 i juni, ein oppgang på 0,1 prosent frå mai. 12-månadersveksten i juni var på 3,0 prosent.

I Noreg var totalindeksen for juni 114,2. Det var ingen endring frå mai. 12-månadersveksten i juni var på 3,3 prosent.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land
  Mai-juni 2001 Endring i prosent
  April 2000-april 2001 Mai 2000-mai 2001 Juni 2000-juni 2001
Noreg 0,0 3,6 4,0 3,3
Island 1,8 4,4 5,6 7,2
Sverige -0,2 3,0 3,1 3,0
Danmark -0,2 2,6 2,8 2,2
Finland 0,1 2,8 3,3 3,0
Tyskland 0,2 2,9 3,6 3,1
Storbritannia 0,2 1,1 1,7 1,7
EøS 0,1 2,6 3,1 2,8
EU 0,1 2,6 3,1 2,8
EMU 0,1 2,9 3,4 3,0
USA1 ... 3,3 3,6 ...
Japan1 ... -0,4 -0,5 ...
1  Nasjonal konsumprisindeks.
Kilde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.