32129_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32129
Inga endring i harmonisert indeks
statistikk
2001-07-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksjuni 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Inga endring i harmonisert indeks

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg var 114,2 (1996=100) i juni i år. Det var inga endring frå mai. Frå juni i fjor til juni i år (12-månadersveksten) auka indeksen med 3,3 prosent etter 4,0 prosent i mai.

Frå mai til juni vart det registrert prisoppgang på husleiger, elektrisitet, frisk frukt og grønsaker, medan bensinprisane hadde ein nedgang.

Heile EØS-området: 12-månadersvekst på 3,1 prosent

HKPI for heile EØS-området var 109,5 i mai 2001. Dette er ein auke på 0,6 prosent frå april. Frå mai fjor til mai i år steig HKPI med 3,1 prosent innanfor EØS-området.

Landa som inngår i den europeiske monetære union (EMU) hadde ein totalindeks på 109,4 i mai, ein oppgang på 0,6 prosent frå april. 12-månadersveksten i EMU-området var i mai på 3,4 prosent.

Oppgang og nedgang i EØS-området

Frå mai 2000 til mai 2001 har prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer og bustad, lys og brensel hatt den sterkaste auken i EØS-området, medan prisane på kommunikasjon var dei einaste som gjekk ned i denne perioden. Island og Nederland var dei enkeltlanda innanfor EØS-området som hadde høgast prisvekst med ein oppgang på respektive 5,6 og 5,4 prosent.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land
  April-mai 2001 Endring i prosent
  April 2000-april 2001 Mai 2000-mai 2001 Juni 2000-juni 2001
Noreg 0,4 3,6 4,0 3.3*
Island 1,6 4,4 5,6 ...
Sverige 0,7 3,0 3,1 ...
Danmark 0,5 2,6 2,8 ...
Finland 0,9 2,8 3,3 ...
Tyskland 0,6 2,9 3,6 ...
Storbritannia 0,7 1,1 1,7 ...
EøS 0,6 2,6 3,1 ...
EU 0,6 2,6 3,1 ...
EMU 0,6 2,9 3,4 ...
USA1 ... 3,3 ... ...
Japan1 ... -0,4 ... ...
1  Nasjonal konsumprisindeks.
Kilde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.