32163_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32163
Konsumprisane i EØS opp 2,5 prosent
statistikk
2000-10-17T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksseptember 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Konsumprisane i EØS opp 2,5 prosent

Totalindeksen for EØS-området var i september 107,2 (1996=100). Dette er ein oppgang på 0,6 prosent frå august. Frå september 1999 til september i år (12-månadersveksten) auka prisane med 2,5 prosent, etter 2,0 prosent i august. I Noreg var 12-månadersveksten i august på 3,6 prosent.

Landa som inngår i den europeiske monetære union (EMU) hadde en totalindeks på 107,0 i september, ein oppgang på 0,5 prosent frå august. 12-månadersveksten i september var på 2,8 prosent, etter 2,3 prosent i august.

I Noreg var totalindeksen for september 110,7, ein auke på 0,9 prosent frå førre månad.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land
  Endring i prosent
  August 2000-
september 2000
Juni 1999-
juni 2000
Juli 1999-
juli 2000
August 1999-
august 2000
September 1999-
september 2000
Noreg 0,9 3,5 3,3 3,5 3,6
Island 0,2 4,7 5,1 3,9 3,4
Sverige 0,9 1,4 1,3 1,4 1,3
Danmark 0,9 2,9 2,8 2,2 2,7
Finland 1,0 3,1 2,9 2,9 3,4
Tyskland         0,5 2,0 2,0 1,8 2,6
England 0,8 0,8 1,0 0,6 1,0
EøS 0,6 2,1 2,2 2,0 2,5
EU 0,7 2,1 2,2 2,0 2,5
øMU 0,5 2,4 2,4 2,3 2,8
USA1 ... 3,7 3,5 3,4 ...
Japan1 ... -0,7 -0,5 -0,8 ...
1  Nasjonal konsumprisindeks.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.