32179_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32179
Konsumprisane i EØS uforandra
statistikk
2000-06-19T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksmai 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Konsumprisane i EØS uforandra

Det var så godt som ingen prisvekst i EØS-området frå april til mai. Totalindeksen for EØS-området var i mai 106,1 (1996=100), ein oppgang på 0,1 prosent frå april. Frå mai 1999 til mai i år (12-månadersveksten) auka prisane med 1,7 prosent. 12-månadersveksten i april var òg 1,7 prosent.

Landa som inngår i den Europeiske monetære union (EMU) hadde ein totalindeks på 105,8 i mai, med ein oppgang på 0,1 prosent frå siste månad. 12-månadersveksten i mai var på 1,9 prosent, det same som oppgangen i april.

I Noreg var totalindeksen for mai 109,8, ein auke på 0,1 prosent frå april. 12-månadersveksten i mai var på 2,9 prosent.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land
  Endring i prosent
  Mars 2000-
april 2000
April 2000-
mai 2000
Mars 1999-
mars 2000
April 1999-
april 2000
Mai 1999-
mai 2000
Noreg 0,4 0,1 2,6 2,7 2,9
Sverige -0,2 0,6 1,4 1,0 1,3
Danmark 0,2 0,4 3,0 2,9 2,8
Finland 0,2 0,5 3,2 2,5 2,7
Tyskland -0,1 -0,1 2,1 1,6 1,5
Storbritannia                    0,4 0,2 0,7 0,6 0,5
EøS 0,1 0,1 1,9 1,7 1,7
EU 0,2 0,1 1,9 1,7 1,7
øMU 0,1 0,1 2,1 1,9 1,9
USA1 0,1 0,1 3,7 3,0 3,1
Japan1 0,2 ... -0,5 -0,8 ...
1  Nasjonal konsumprisindeks.
Kilde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.