13314_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/engrospris/arkiv
13314
Engrosprisane ned 1,0 prosent
statistikk
2002-08-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Varehandel og tjenesteyting
no
engrospris, Prisindeks for engroshandel (opphørt), engroshandel (for eksempel med næringsmiddel, drivstoff, byggjevarer)Varehandel, Produsent- og engrosprisindekser, Varehandel og tjenesteyting, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for engroshandel (opphørt)2. kvartal 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Engrosprisane ned 1,0 prosent

Prisane for engroshandel totalt gjekk ned 1,0 prosent frå 2. kvartal 2001 til 2. kvartal 2002. Frå 1. kvartal 2001 til 2. kvartal 2002 gjekk engrosprisane opp med 0,6 prosent.

Prisindeks for engroshandel. 1. kvartal 1992-2. kvartal 2002

Prisindeksen for engroshandel med drivstoff og brensle viste den største nedgangen med 6,2 prosent i perioden 2. kvartal 2001 til 2. kvartal 2002. For same periode gjekk prisane for engroshandel med klede og skotøy og engroshandel med nærings- og nytingsmiddel ned med høvesvis 3,2 og 1,6 prosent. Størst auke i prisar var det engroshandel med jernvarer, røyrleggjarartiklar og oppvarmingsutstyr som hadde. Auken for denne næringsgruppa var på 3,0 prosent frå 2. kvartal 2001 til 2. kvartal 2002. Prisindeksen for engroshandel med jordbruksråvarer og levande dyr og engroshandel med møblar og innreiingsartiklar auka med høvesvis 2,5 og 1,3 prosent i same periode. Engrosprisane for elektrisk utstyr til hushaldet, radio, fjernsyn, plater og kassettar auka marginalt med 0,1 prosent.

Dyrare brensle og drivstoff

Prisindeks for engroshandel med drivstoff og brensle auka med 5,0 prosent frå 1. kvartal 2002 til 2. kvartal 2002. Prisane for engroshandel med innsatsvarer med unntak av jordbruksvarer og engroshandel med jernvarer, røyrleggjarartiklar og oppvarmingsutstyr gjekk opp med høvesvis 2,6 og 0,7 prosent for same periode. Frå 1. kvartal 2002 til 2. kvartal 2002 viste prisindeksane for engroshandel med elektrisk utstyr til hushaldet, radio, fjernsyn, plater og kassettar, engroshandel med klede og skotøy og engroshandel med tømmer, trelast, byggjevarer og sanitærutstyr ingen endring.

Tabeller: