13318_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/engrospris/arkiv
13318
Engrosprisane ned 0,4 prosent i 2001
statistikk
2002-01-25T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Varehandel og tjenesteyting
no
engrospris, Prisindeks for engroshandel (opphørt), engroshandel (for eksempel med næringsmiddel, drivstoff, byggjevarer)Varehandel, Produsent- og engrosprisindekser, Varehandel og tjenesteyting, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for engroshandel (opphørt)4. kvartal 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Engrosprisane ned 0,4 prosent i 2001

Prisane for engroshandel totalt gjekk ned med 0,4 prosent frå 4. kvartal 2000 til 4. kvartal 2001. Frå 3. til 4. kvartal 2001 gjekk engrosprisane ned med 1,0 prosent.

 Prisindeks for engroshandel. 1. kvartal 1994 - 4. kvartal 2001

Prisindeksen for engroshandel med drivstoff og brensle viste den største nedgangen med 12,5 prosent i perioden 4. kvartal 2000 til 1. kvartal 2001. For same periode gjekk prisane for engroshandel med innsatsvarer med unntak av jordbruksvarer og engroshandel med klede og skotøy ned med høvesvis 5,7 og 2,6 prosent. Den største auken i prisar var det engroshandel med jernvarer, røyrleggjarartiklar og oppvarmingsutstyr som hadde. Auken for næringsgruppa var på 3,8 prosent frå 4. kvartal 2000 til 4. kvartal 2001. Prisindeksen for engroshandel med nærings- og nytingsmiddel og engroshandel med tømmer, trelast, byggjevarer og sanitærutstyr auka med høvesvis 3,4 og 2,9 prosent i same periode.

Billegare brensle og drivstoff

Engroshandel med drivstoff og brensle gjekk ned med 5,0 prosent frå 3. til 4. kvartal 2001. Prisane for engroshandel med klede og skotøy og engroshandel med innsatsvarer med unntak av jordbruksvarer gjekk ned med høvesvis 4,5 og 2,6 prosent for same periode. Prisindeksen for engroshandel med jernvarer, røyrleggjarartiklar og oppvarmingsutstyr viste derimot ein marginal auke på 0,3 prosent frå 3. til 4. kvartal 2001.

Tabeller: